Prøveløp for fyrste gong

På tysdag skal eg køyra prøveløp for å godkjenna hest for aller fyrste gong i min karriere. Eg har hatt lisensen sidan 2006, så det er vel kanskje på tide? Uansett vert det veldig artig å få det overstått, så då får me kryssa alt me kan for at det vert godkjent.

Eg skal kjøra Madla Perlå, som eg har kjørt i ein del hurtigarbeid den siste tida. Ho skal gå saman med stallvenninne Dana Vigdis, så målet er at dei får gå saman slik at dei skal klara kravet begge to. Perlå er ei stor og flott hoppe, men litt seint utvikla. Så no er ho blitt 4 år gammal. Me får håpa ho er klar til løp, så då gjer me vårt beste.

Eit bilete av Perlå frå prøveløpet ho gjekk i fjor:

Kommentarer

Populære innlegg