Uplassert med Noble

Sjølv om ikkje resultatet vart det beste, må eg seia at Bergensturen var vellukka. Noble var ein fantastisk hest, og det var veldig stas å få ri han. Han var veldig fin i varminga, og eg likte han godt. Eg varma med ope hodelag og utan sjekk, men me sette på heilstengt og sjekk i løpet.

Det vart ein del omstartar, og eg skulle nok ynskja at den andre starten gjekk, for då hadde me perfekt start. Likevel fekk me ein grei start og kom fint til i tredje utvendig. Han kjendes veldig sprek og fin ut fyrsterunden. Men ein runde frå mål vart farten brått skrudd i vêret, og det klarte han ikkje henga med på. Han sleit meir og meir til slutt og vart nok ganske trøytt. Men han fekk eit fint løp og gjekk dessutan feilfritt, så me må ta med oss det positive. Han var litt var for sprut, og vegra seg litt for å gå opp i rygg. Så kanskje det hadde vore gunstig med ei sprutmaske. Ifølgje trenaren var han ikkje noko glad i verken hard bane eller dårleg vêr. Eg trur uansett dette er ein fin montéhest, og han kjem nok sterkare tilbake.

Eg likte han i alle fall veldig godt, og var glad eg tok turen for å helsa på han. Ein så kjekk og høfleg herre skal ein leita lenge etter.

Eirik Blindheim tok nokre bilete av oss:

Kommentarer

Populære innlegg