Ikkje godkjent prøveløp

Prøveløpet med Madla Perlå gjekk ikkje heilt som planlagt. Allereie i varminga vart eg skeptisk, for ho tulla seg og galopperte fleire gonger. Me kom godt i gang frå start og ho var skjerpa, men allereie etter 100-150 meter vart ho ukonsentrert og måtte leggja inn ein pause for å drita. Ut av første svingen galopperte ho, og då ein annan passerte ho, ville ho ikkje leggja seg i trav att. Ho tulla heile fyrste runden. Då ho fekk Vigdis opp til seg ein runde frå mål, skjerpa ho seg. Men i siste svingen falt ho litt utav det igjen. Dessverre kom me i mål på 1.42,4,  og ho måtte trava under 1.42,0. Så då vart det ikkje godkjent. Me prøver igjen i morgon, då med ein ny kusk, som forhåpentlegvis har nokre gode råd.

Eit bilete Rune Eikeland tok av oss, www.rm-foto.net:


Kommentarer

Populære innlegg