Det vart premie!

På tysdag køyrde eg Grandes Star i Rekruttserien på Forus. Det såg på førehand ut som ei litt vanskeleg oppgåve. Eg fekk beskjed om å varma på ein litt spesiell måte, med tanke på kvar hesten har si svakaste side. I tillegg fekk han gå i speedster denne gongen, sjølv om han pleier gå i moddi. Eg synest han varma fint, var veldig regulerbar og viste fin fart når eg ba om det. Så eg vart litt meir optimist etter varmina.

Me hadde fyrstesporet bak bilen og han løyste greitt, men eg ville ikkje masa på han sidan han kunne vera litt usikker på startsida. Dermed kom me ok til i tredje innvendig. Det gjekk fort i front, og det var fleire av kuskane som køyrde offensivt. Så eg måtte køyra litt for å halda posisjonen min. På siste bortre langsida gjekk hesten foran oss ut i andrespor, så då kom eg fram og fekk passera denne på innsida. Det trur eg er ein fordel for dei som slit litt med viljen. Eg sparte øyrehetta til oppløpet, sidan det er der han kan leggja av farten. Han gjekk fint nedover til midten av oppløpet. Då gav han litt opp, men han samla seg litt like før mål. Me klarte ikkje halda på 4. plassen, men det vart ein fin 5. plass på 17,0. Så fort har han ikkje trava sidan 5. juli 2012, og det var ny rekord på distansen. Dessutan fekk han sin fyrste premie på 2 år. Eg var veldig nøgd med det, og det var trenaren og.

Dette biletet tok Arnfinn Roaldsøy, fotobertil.net, av oss:

Og dette tok Rune Eikeland, rm-foto.net:

Kommentarer

Populære innlegg