2. plass med Faksus

Faksus skaffa meg årets andre trippelplassering i det fjerde forsøket. Så no har eg 50% trippel i år. Jone varma Faksus for meg, så eg fekk spara kreftene til løpet. Han var veldig hissig i eit hurtigarbeid for meg torsdag før løpet. Så då var det greit å gjera det på denne måten.

Eg prøvde å halda han rolig før starten, for å øka sjansen for å få ein fin start og håpet om å køyra feilfritt. Det fungerte fint. Han var tilnærma roleg og fin, og takla volten greitt. Eg visste at Førlands Pil Fax var både kjapp og sannsynlegvis beste hesten, så eg lot den passera oss før eg la inn i førstesporet. Då strekhesten galopperte sat eg perfekt til i ledarrygg på den beste hesten. Då var mykje gjort. Han køyrde seint i tet til å byrja med, og auka heile vegen. Eg sat med klokka på armen og køyrde det tempoet eg visste Faksus tålte. Førlands Pil Fax var det ikkje mogeleg å gjera noko med, så eg køyrde mitt eige løp.

På siste bortre langsida kom angriparane bak i frå. Eg var litt i tvil om eg skulle prøva å dra hetta, men tok sjansen. Det var lurt, for då fekk eg svar. Ned oppløpet låg me side om side med Unik, og den var på eit tidspunkt forbi oss. Eg var mest redd for å køyra galopp, men instinktet om å koma lengst mogeleg opp på resultatlista freista meg til å jaga litt. Det svarte han på og me klarte 2. plassen. Det var eg svært nøgd med! Han gjekk på tida 1.31,3 og fekk 7500 kroner for innsatsen.

Dette biletet tok eg av han i varminga:

Kommentarer

Populære innlegg