Grandes Star i rekruttserien

På tysdag er det ungdomsløp på Forus. Eg skal ut med Grandes Star. Me fekk eit fint fyrstespor, så då ville eigaren forsøka om han kunne få seg ein premie. Han har ikkje fått premie sidan han var tredje i januar 2012, så om me får premie, må det vera heilt topp.

Motstanden:
2. Quantillus: Har flott form og står med to strake sigrar. Lenger distanse no, men skal reknast i trippelkampen på formen.
3. Quelodie Merite: Vann i monté i sin siste start. Har hatt lang pause før det. Er vel kanskje ikkje den lettaste å køyra.
4. Lucky Double T.: Er flink dei gongane ho går godt, og kan sikkert kjempa om ein trippelplass her om formen er fin.
5. Guitar Man: Vann i sin siste start i Bergen. Kan fort vera vinnaren igjen.
6. Arran Stardust: Har gått fleire fine løp, og skal reknast i trippelkampen.
7. Dijon's Meister: Er på premiejakt med urutinert kusk.
8. Jegerinnen: Har god kusk og har gode prestasjonar bak seg. Er i toppen her.
9. Master Blaster: Går gode løp stort sett kvar gong. Kusken kjenner hesten godt, og kan fort vera langt oppe på premielista.
10. Starmate: Har gått mange fine løp og avsluttar fort om han får det rette løpet.

Startliste:
Løp: 9    (ca. kl. 21:05)
3-12-årige høyest 200.000 kr.
2040 m. Autostart.
Premier: 18.000-9.000-6.000-4.000-3.000-(2.000) kr.
Varmblods      Auto V5-5     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Grandes Star Charlotte Steine 83.500 1.17,6v 1.16,0a
2040 2 Quantillus Lise Hjetland 106.468 1.18,1v 1.14,0a
2040 3 Quelodie Merite Ronny Lauritsen 169.043 1.16,5v 1.14,8a
2040 4 Lucky Double T. Ronja Good 168.000 1.17,5v 1.14,8a
2040 5 Guitar Man Rannveig Gudmestad 187.500 1.15,8v 1.13,7a
2040 6 Arran Stardust Morten Erga 143.498 1.17,3v 1.15,0a
2040 7 Dijon's Meister Stine Lode 152.000 1.17,1v 1.14,7a
2040 8 Jegerinnen Johan Kringeland Eriksen 146.000 1.18,3v 1.14,9a
2040 9 Master Blaster Stine Birkeland 181.358 1.16,5v 1.13,8a
2040 10 Starmate Ellen Ydstebø 130.000 1.16,4v 1.15,1a

Eitt bilete av han:

Kommentarer

Populære innlegg