Bergen for å ri Noble

På torsdag tek eg turen til Bergen. Denne gongen skal eg ri Noble i eitt montéløp. Eg fekk ikkje oppsitt i dei to fulle montéløpa på Forus tysdag 13. mai, så ein må ta dei sjansane ein får. Dermed vert det Bergenstur på meg. Eg har aldri ridd hesten før, men har alltid likt han. Noble er ein 10 år gammal vallak etter ein av mine favoritthingstar, Varenne.

Han imponerte meg stort i sin montédebut, då han var veldig imponerande på autosprint og gjekk ned på 1.13-talet. Han har galoppert i nesten alle montéløpa han har gått etterpå. Men no har han ikkje starta monté sidan august 2012. Han har gått jamnt gode tider i sulky den siste tida, og fekk 3. plass i sin nest siste start. Det er vanskeleg å vurdera kor mykje han kan under sal, men forhåpentlegvis synest han det er kjekt. Så me får prøva å få til eit løp på hesten sine premissar, og då håpar eg me kan få med oss ein fin premie.

Mostanden:
1. Poulidor: Imponerte i montédebuten. Står perfekt inne på strek. Om Victoria treffer starten og held jamnt tempo, kan ho fort leda heilt til mål.
2. Red Card: Har ikkje så mykje å visa til i monté frå før anna enn ein andreplass. Står på strek, men eg trur det er vanskeleg å håpa på noko anna enn ein premie.
3. Fast Brown Talk: Er veldig kapabel, men frykteleg galopplysten. Klarar Malin å ri i trav med han, er han flink nok til å vera eit stykke oppe på resultatlista.
4. Nopeacelikeheaven: Sjokkvann i eit sulkyløp sist, så formen er nok fin. Er normalt jamn og flink i monté, men har skuffa litt i sine to siste montéløp.
5. M.T. Funky Dude: Har ikkje vore utanfor trippelen med denne rytteren på ryggen. Det er ein flink montéhest som kan kjempa om ein ny trippelplass.
6. Best Of Boszorg: Har to fjerdeplassar i monté og er nok ein premiekandidat her og.
7. Eyeformoney L.: Har ikkje fått premie sidan han gjekk monté sist i juni i fjor, så er nok ute etter ein premie her.
8. Deep Sea Dream: Er normalt den beste hesten i feltet og skal ta seg av dette løpet, sjølv frå 40 meter tillegg.
9. Fidilo: Er flink i monté og kan kanskje vera med å kjempa om ein trippelplassering, sjølv om han står litt hardt inne grunnlagsmessig med 40 meter tillegg.
10. Buddy: Står flott inne på grunn av poengfordelen. Kjem nok ikkje til Bergen utan ambisjonar. Har den beste rytteren på ryggen og har gått mange fine montéløp. Skal reknast i trippelsamanheng.
11. Super Fest Boy: Fekk 5. plass i montédebuten på Forus og gjekk greitt då. Ny premie er nok målet.
12. Runday's Power: Har ikkje tjent ei krone under sal endå, og har heller ikkje fått premie sidan november. Jaktar på premie.
13. Highfive Kemp: Ein spennande montédebutant. Gjekk prøveløp på 22,3, men eg reknar med at han senkar den tida når han kjem i løp. Står flott til på grunn av poengfordelen, og har flink rytter som kjenner hesten frå trening. Kan fort dukka opp på trippelen.

Startliste:

Løp: 1  #MONTÉLØP #  (ca. kl. 18:00)
MONTÉLØP
4-12-årige høyest 625.000 kr. samt alle 4-12-årige hester med høyest 300 poeng.
2100 m. Monté Tillegg 20 m. ved vunnet 125.001 kr., 40 m. ved 300.001 kr.
Premier: 15.000-7.500-5.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods      Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Poulidor Victoria Steine 120.000 1.17,4v 1.15,9a
2100 2 Red Card Hege Kristin Høyland 114.448 1.17,6v 1.16,6a
2120 3 Fast Brown Talk Malin C. Stokke 197.500 1.16,7v 1.15,5a
2120 4 Nopeacelikeheaven Elisabeth Hansen Haukeland 236.401 1.16,3v 1.14,1a
2120 5 M.T. Funky Dude Cecilie Jensen 230.756 1.16,5v 1.14,6a
2120 6 Best of Boszorg Camilla Sund 211.219 1.14,7v 1.14,9a
2120 7 Eyeformoney L. Christina A. Hande 283.200 1.15,8v 1.14,1a
2140 8 Deep Sea Dream Caroline L.B. Morken 469.000 1.15,6v 1.13,6a
2140 9 Fidilo Therese Martinsen 346.221 1.15,6v 1.14,4a
2140 10 Buddy Malin Berås 930.404 1.14,7v 1.12,7a
2140 11 Super Fest Boy Eva Hellem 574.000 1.15,3v 1.13,3a
2140 12 Runday's Power Sandra Pedersen 314.250 1.16,0v 1.14,6a
2140 13 Highfive Kemp Elisabeth Storetvedt 829.807 1.15,0v 1.13,5a
2140 14 Noble Charlotte Steine 535.304 1.15,1v 1.12,3a

Dette biletet tok eg av han i montédebuten hans på Forus:

Kommentarer

Populære innlegg