Svak Conway

Eg var på Sørlandet for å ri Conway Holl forrige søndag. Eg varma eit par rundar i løypa på banen. Det var ei utrulig flott løype. Sidan eg rei i løypa fekk eg ikkje testa han i noko særleg fart, men eg varma rolig slik som eg gjorde i Bergen. Då eg skulle ta prøvestarten berre galopperte han, så eg snudde opp og tok ein ny. Det vart mykje betre og han kjendes veldig fin ut.

Bilen slapp feltet og det var mange raske hestar på utsida, dermed vart det tredje innvendig på oss. Det passa eigentleg greitt med ei fin reise innvendig, for eg håpte eg då kunne ri litt til slutt. Etter 7-800 meter kjendes han ikkjepigg ut lenger, så eg vart litt bekymra. Ein runde frå mål drog eg proppane og prøvde å rista liv i han, men eg fekk ikkje svar. I nest siste svingen skjente han innover og eg følte me skulle gå i bakken, så eg tok opp og klarte å halda han på beina. Etterpå var det heilt over, så eg valte å bryta løpet. Det var nok ei riktig vurdering. Etter løpet blas han veldig mykje og hadde høg puls lenge etter me var kome inn i stallen igjen. I tillegg ømma han seg veldig på eit gaffelbånd, så det var keisamt. Han var verkeleg ikkje seg sjølv denne dagen, og langt i frå så fin som han var i Bergen.

Eit bilete Rune Eikeland tok av oss:

Kommentarer

Populære innlegg