Rekruttløp med Eggen Prins

På tysdag skal eg ut i rekruttløp igjen. Då eg såg innmeldingslista var eg meldt på tre hestar, og det har aldri hendt før. Denne gongen skal eg sitja bak rumpa til Eggen Prins. Han har eg køyrt tre gonger før, og det har resultert i ein fjerde, ein seier og ein andreplass. Prins er ein hissig krabat som slit meg ut i varminga. Han må gå i rygg undervegs, men har ofte ein fin speed til slutt om han får rette løpet. I dei siste startane sine har han gått betre og betre tider, dei to siste løpa har han gått ny rekord begge gongane. Han er ofte uheldig med løpsopplegget og havnar ofte i rygg på hestar som stoppar eller galopperer. Det fine med Eggen Prins er at han er veldig travsikker, og det scorar han ofte høgt på i ungdomsløpa. I dette løpet er han den hesten med mest grunnlag. Om me får rette reisa trur eg han kan vera på trippelen i dette løpet, sjølv frå 40 meter tillegg.

Motstanden:
1. Sophus K.G.: Vann eit løp i november i fjor, men har berre enda uplassert etter det løpet. Han går jamne løp og står på strek her, men er nok ein premiekandidat her.
2. Studen: Står fint til på strek. Har gått fleire gode løp den siste tida og gjekk ny rekord i sin siste start. Camilla har hatt godt tak på han tidlegare, men han galopperer frå tid til anna. Kjemper om ein trippelplass i dette løpet.
3. Modina: Har gått nokre gode løp den siste tida og kusken er av dei mest rutinerte med om lag 400 løp bak seg. Kan blanda seg i trippelkampen i dette løpet.
4. Spydermann Ø.K.: Med denne hesten er det nesten vinn eller forsvinn. Han galopperer mykje, men plar vinna sjølv om  han er innom galoppen. På 12 startar har han vunne 7 av løpa sine. Ifølgje Bernt Øksnevad skal kusken brenna drakta om han ikkje vinn dette løpet. Hesten står perfekt inne og skal vinna dette løpet, men han kan øydeleggja for seg sjølv med galopp.
5. Tjurajenta: Har hatt løpspause sidan 2010. Gjekk prøveløp på 1.38,9. Rada opp sigrar i 2009, men har litt variabelt resultat. Satsar nok mot premie fyrste gong ut.
6. Ulsrud Rigg: Var ein av dei hestane eg var meldt på. Eg køyrte han i desember i fjor og fekk 2.plass med han då. Han er ein kapabel herre, men galopperer ein del. Har gått nokre greie løp etter han skifta trenar og eigar, men det har resultert i uplasserte løp. Vann i sin tredjesiste start. Kusken har køyrt 20 løp, men om han har taket på Ulsrud Rigg klarer dei kanskje å kjempa om ein trippelplass i dette løpet.

Startliste:
Løp: 1  Rekruttserien 2012  (ca. kl. 18:00)
Kaldblods. 3-15-årige høyest 185.000 kr.
2040 m. Tillegg 20 m ved vunnet 65.000 kr., 40 m ved 120.000 kr.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV      Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Sophus K.G. Lars Kristian Løkken 59.000 1.30,4v
2040 2 Studen Camilla Sund 62.000 1.29,6v
2060 3 Modina Mats Gunnar Ringberg 96.500 1.28,5v
2060 4 Spydermann Ø.K. Stian Øksnevad 116.000 1.28,1v 1.31,8a
2060 5 Tjurajenta Linda Bø 110.500 1.30,0v 1.29,7a
2080 6 Ulsrud Rigg Henning N. Horpestad 139.500 1.28,7v 1.28,3a
2080 7 Eggen Prins Charlotte Steine 170.765 1.26,9v 1.29,0a

Eit bilete av oss frå eit tidlegare løp:
 Foto: Rune Eikeland, travtanker.com

Kommentarer

Populære innlegg