5. plass med Cumulus

Tysdag forrige veke rei eg Cumulus. Han skulle varmast rolig tre rundar på indrebane fyrst og så ein runde ute i banen. Eg rir med klokke som viser farten heile tida. Han haldt seg rolig så lenge eg rei lett på indrebanen, men med ein gong eg reiste meg i montésits vart han hissig. Då eg kom ut i banen stakk han avgarde i trav, og brydde seg fint lite om at eg prøvde å stoppa han. Då eg såg på klokka nedover oppløpet stod det 1.08! Altfor fort til varminga å vera, men eg fekk ikkje gjort noko. Heldigvis fann eg ein rygg der eg fekk stoppa han.

Han virka fin i prøvestarten før løpet, men i det me volta og snudde opp kasta han opp hovudet. Eg var redd han skulle galoppera, men då han såg dei andre hestane sprang tok han heldigvis travet. Me tapte ein del på dette og havna sist i feltet. Eg visste eg måtte framover om me skulle ha sjanse i dette løpet, så eg valte å ri framover i andrespor. Inn på andre svingen gjekk Limerick ut foran oss, så eg tenkte at det vart perfekt. Problemet var at Cumulus mista travet på svingane, slik at me tapte på kvar sving. Dermed vart det langt fram når strekhestane drog avgarde i 1.16-tempo. Eg konsentrerte meg om å få han feilfritt rundt svingane, og han gjekk godt ned oppløpet. Me klarte akkurat ikkje å henta inn fjerdehesten, så det vart femteplass på 1.17,5.


Nokre bilete:
Cumulus tar avgårde i varminga, foto: Arnfinn Roaldsøy, fotobertil.net

Prøvestarten. Foto: Rune Eikeland, travtanker.com

På vei til start. Foto: Rune Eikeland, travtanker.com.

Kommentarer

Populære innlegg