Conway Holl på Sørlandet

På søndag skal eg ri mitt fyrste løp på Sørlandet for året. Då sit eg på ryggen til Conway Holl. Han fungerte veldig fint for meg i Bergen, så eg gler meg til å ri han igjen. Denne gongen var me heldige med sporet og fekk spor 2 bak bilen, det gjer oss mogelegheita til ein fin posisjon undervegs. Bergensløpet var sprint, og det er nok meir til hans fordel enn mellomdistanse som me skal ut på no. Eg er usikker på korleis han taklar mellomdistanse, men om han held slik han gjorde sist håper eg han kan vera med å kjempa om ein fin premie. Det er fleire gode hestar mot, men med tilsvarande innsats som sist kan han kanskje kjempa om siste trippelplassen.

Motstanden:
1. Lumiere De Nuit: Hadde oppvising då han starta på Biri i sin siste start under sal. Trava 1.16,8 over 2600 meter då, så kan nok gå endå fortare på mellomdistanse. Står tøffare inne grunnlagsmessig, men er god nok til å vinna likevel. Galopperte i sin fyrste montéstart, men har sett travsikker ut i dei to løpa etterpå.
3. Muffin D.K.: Har gått 1.16,8 på distansen i monté tidlegare, men har ikkje vist det store under sal endå. Får Kristine på ryggen denne gongen og ho har hysterisk form og får alt til å springa for tida. Har ikkje fått premie sidan montéløpet i Oktober i fjor, men kanskje Kristine fiksar det?
4. Jaghound: Montédebutant som er vanskeleg å vurdera. Gjekk prøveløp på 1.20,3. Starta på Drammen på tysdag, men galopperte i det bilen slapp då. Usikker form, så kanskje det er ein premie som gjeld fyrste gong ut i travritt.
5. Spirit Of Gulema: Har fire montéløp bak seg med litt ulikt resultat. Han har gått 1.17 som det raskaste under sal og må nok vera betre enn det for å hevda seg her. Er vel kanskje ute etter premie her.
6. Glide: Er ein fin montéhest som har samla på fjerdeplassar i sine siste startar. Kjemper nok om ein premie igjen.
7. Luigi: I tre av dei fire montéstartane sine har han galoppert. Det løpet han gjekk feilfritt enda med 2. plass. Hesten er flink når han får rett løp og kan kjempa om ein trippelplass her om han held seg i trav.
8. Dreamcatcher: Jamn og flink hest som går godt til slutt i løpa. Tener mykje pengar på at han går så godt til slutt og kan nok blanda seg i trippelkampen i dette løpet.
9. Invisible Power:  Dyktig montéhest. Han har starta fem montéløp og har ikkje vore dårlegare enn tredje. Dei to løpa Malin har ridd han, har resultert i siger. Vann på ein svært overbevisande måte på sprint sist, men har vist at han er like god på mellomdistanse. Kjempar om sigeren igjen.

Startliste:
Løp: 7  Montéløp   (ca. kl. 19:50)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige høyest 600.000 kr.
2140 m. Autostart. Maks 10 startende.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods      Auto V5B-3     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2140 1 Lumiere de Nuit Siv Emilie Løvvold 272.000 1.16,0v 1.15,1a
2140 2 Conway Holl Charlotte Steine 527.863 1.15,9v 1.12,9a
2140 3 Muffin D.K. Kristine Kvasnes 474.492 1.14,9v 1.13,3a
2140 4 Jaghound Renate Klausen 342.739 1.15,6v 1.13,6a
2140 5 Spirit Of Gulema Elisabeth Eide 311.500 1.16,0v 1.14,8a
2140 6 Glide Cecilie Jensen 328.000 1.16,5v 1.15,6a
2140 7 Luigi Madelen Berås 467.500 1.15,6v 1.13,1a
2140 8 Dreamcatcher Katarina Østerholt 237.501 1.18,7v 1.15,3a
2140 9 Invisible Power Malin Berås 469.000 1.14,3v 1.13,3a


Eitt bilete frå Bergensløpet. Foto: Eirik Blindheim.

Kommentarer

Populære innlegg