Fyrste løp på Haugaland

I morgon skal eg ri mitt aller første løp på Haugaland Travpark, ein 850 meter lang bane utanfor Haugesund. Eg var der på travkjøring i fjor og det var ein liten og smal bane, så det vert spennande å sjå korleis det er å ri i banen. Eg skal sitja på ryggen til Pay Back Money. Det vert hans andre montéløp. Me har 20 meter tillegg, og grunnlagsmessig står han litt dårleg inne i løpet sidan det var tillegg med 100.000. I montédebuten hans var han tråkk i volten, og me tapte mykje på det. Denne gongen må eg prøve å få han litt meir på hogget og sjå om me klarer å få fart i starten. Dei som kjenner banen betre enn meg seier det er vanskeleg å henta tillegg på denne banen, så det er ikkje sikkert me har så enkel oppgåve. Eg trur det er ein fordel at det berre er sju hestar i feltet, og berre tre av dei står på strek. Han skuffa i sin siste start på Sørlandet, så eg veit ikkje heilt kvar eg har han. Men om han gjer ein tilsvarande innsats som han gjorde i montédebuten, trur eg han skal kunna kjempa om ein trippelplass i dette feltet.

Motstanden:
1. One Hook K.D.: Gjekk prøveløp på 1.19,7 og debuterer i monté her. Har ikkje så gode resultat å visa til den siste tida, men Svein Ove Wassberg uttalte seg i TGN at han var ein premiekandidat som kanskje kunne kjempa om trippelplass.
2. Famous Tile: Debuterer i travritt her. Eg rei prøveløp på ho tidlegare i år. Då gjekk ho 1.25,0, men har nok meir å gå på. Har levert fine innsatsar i travløp den siste tida. Hesten har fordel av å stå på strek og rytteren har fordel av å ha ridd på banen før, så ho kan nok kjempa om ein trippelplass her.
3. Cinea's Tomali: Måtte gå fleire prøveløp for å verta godkjent i monté, men leverte ein fin debut på 1.19,3 sjølv om det enda uplassert. Lise er flink å få fart på hestane og rir nok det ho kan med kort distanse. Står på strek og kan vera med framme lenge.
4. Britney Spur: Har gått to fine montéløp. Ho er litt spesiell og vanskelig i banen, og eg veit ikkje korleis ho er i volten. Eigaren har nok seiersambisjonar her, og om ho ikkje tullar seg vekk frå start kjemper ho nok om trippelplass.
6. Eyeformoney L.: Har ikkje vist noko den siste tida. Har berre eitt montéløp bak seg og det enda uplassert på 1.20,9. Hissig type. Er vel kanskje ein premiekandidat her etter ikkje å ha vist det store. Må vera forbetra for å blanda seg inn lenger framme.
7. Santiago: Gjekk prøveløp i september 2009 på 1.20,1, og debuterer i monté her. Såg fin ut i prøveløpet, men formen er nok ikkje den beste. Må henta 40 meter tillegg på strekhestane, og det er nok ingen fordel. Likevel er det ein hest som plar vera i form på denne tida av året, og det er kanskje den beste hesten på kapasitet. Kan fort vera vinnaren av dette løpet.

Startliste:
Løp: 1  Haugaland Tråvlags Monteløp  (ca. kl. 15:15)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige.
1800 m. Tillegg 20 m ved vunnet 100.000 kr., 40 m ved 400.000 kr. Maks 10 startende pr distanse.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods      Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1800 1 One Hook K.D. Stine-Beate Hjartholm 51.228 1.16,6v 1.16,8a
1800 2 Famous Tile Renate Aarlie 62.500 1.17,3v 1.14,6a
1800 3 Cinea's Tomali Lise Hjetland 75.700 1.18,4v 1.16,4a
1820 4 Britney Spur Victoria Steine 239.500 1.16,2v 1.15,0a
1820 5 Pay Back Money Charlotte Steine 146.058 1.16,0v 1.15,7a
1820 6 Eyeformoney L. Caroline L.B. Morken 220.200 1.15,8v 1.14,1a
1840 7 Santiago Linda Elisabeth Larsen 465.505 1.15,9v 1.13,1a

Eit bilete av Pay Back frå prøveløpet, foto: Rune Eikeland:

Kommentarer

Populære innlegg