Fæl oppleving i Haugesund

På søndag var eg i Haugesund for å ri Pay Back Money. Det var veldig merkeleg å ri på banen i Haugesund, for det var ingen gjerder på eine sida. Der var det rett og slett berre skog. Banen var liten og smal, og grusen var gjørmete og grov. I varminga tok eg fyrst ein prøvestart med han, men då rei eg nok for fort i svingen for då galopperte han. Dermed tok eg ein ny prøvestart, og då løyste han fint. Eg hadde klokka på armen og fann ut at han trava fint gjennom svingane i 1.16-fart.

Då starten gjekk kom eg fint i gang og var raskt oppe i fart. Eg snudde opp litt ute i banen, men var kjapt inne i andrespor og rei framover. Strekhestane hadde ikkje fart frå start, så eg følte eg hadde kontroll på dei. Ved seremoniplass gjekk ein av strekhestane mykje seinare enn eg og den hesten som starta på innsida mi. Me kom i full fart, og ekvipasjen på innsida oppdaga at enten måtte den svinga rett ut eller så måtte ho ta opp hesten sin for å unngå strekhesten. Ho valte det fyrste og svinga rett ut. Vanlegvis flyttar hestane seg for å unngå kollisjonar, men min går med murphy-blendar på innsida og dermed såg han ikkje kva som hende. Det resulterte i at hesten på innsida sprang på frambeina til Pay Back med sine bakbein, og Pay Back gjekk rett på kne. Eg stupte framover, men det gjekk så kjapt at eg ikkje hugsar korleis eg reagerte. Heldigvis hadde eg god balanse og klarte å halda meg på ryggen hans. Pay Back går utan sjekk i løp, og dermed fekk han bruka heile hodet og halsen tilå gjenvinna balansen så me kom oss på beina att.

Like etter hugsar eg at eg tenkte, oi eg galopperer, eg må stoppa han. Så tok eg han ned i trav og kjente etter om han var halt. Det kjendes ikkje slik ut så då fann eg ut eg skulle fullføra løpet. Eg rei bak feltet i 1.11-1.12-fart på alle langsidene etterpå og 1.16-fart på svingane. Med det tok me att dei siste i feltet. Inn på oppløpet såg eg at eg hadde taket på ein av konkurrantane, så då fann me eit ekstra gir og han tok i heilt til mål og fekk 5.plass på 1.19,4. Det synest eg var kjempegodt gjort etter den heftige sjeneringa på startsida.

Eg var oppe i dommartårnet etter løpet. Kameraet hadde dårleg plassering frå sida, slik at dei ikkje klarte å sjå kven som var i kva spor. Eg har snakka med alle rytterane som var rundt oss, og alle seier at eg sat i andrespor og at ho var i fyrstespor. Dersom dei meiner ho var i andrespor, så meiner dei altså at det ikkje skal vera plass til ein hest i kvart spor. Eg meiner at eit spor må vera breiare enn hesten, for me skal ikkje ri støvel mot støvel. Dersom ikkje dette var sjenering som skal slåast ned på, så kan ein tydeligvis gjera som ein vil i montéløpa. Om dette held fram er eg ikkje sikker på om eg vil vera ein del av galskapen lenger.

Mi oppfordring til alle som rir løp er: Bruk augene. Snu på hodet før du byter spor! Det er svært viktig, for ofte er det små marginar. Hadde eg gått i bakken hadde det vore med hodet/nakken først, og då hadde eg kanskje aldri ridd igjen...

Kommentarer

Populære innlegg