5. plass med Hotten

I tillegg til montéløpet på Conway Holl i Bergen på torsdag, kjørte eg og rekruttløp med One Hot Minute. Han var hissig i varminga, så det var ikkje lett å få til ei rolig varming. Eg hadde for lange tøylar, men fekk stilt dei inn til løpet. I prøvestarten virka han fin. Volten var eit spenningsmoment med denne herren, for han har tulla ein del der tidlegare. Heldigvis hadde me ikkje ledande spor, så eg følgde etter den hesten som leda. Han oppførte seg veldig fint, sjølv om det vart fleire omstartar. Hotten går med drasjekk slik at han skal få gå utan sjekk i volten, for så å dra han opp til hjelp seinare i løpet.

Me fekk ein litt treig start, og eg valgte å dra opp sjekken allereie på startsida så han skulle få litt støtte. Dermed havna me i tredjespor. Der ville eg ikkje sitja, så eg tok opp og gjekk sist. Då var det mykje ledig på innerfila så eg køyrte fram i fyrstespor og fekk femte innvendig. Før løpet fekk eg beskjed om at hesten er meir sterk enn speedig og at eg måtte bruka han i spora for å koma fram. I nest siste svingen såg eg at nokre av hestane i andrespor byrja henga litt etter, så eg rekna med at eg skulle få opning. Midt på siste bortre langsida kom opninga, så eg køyrde ut i andrespor. Der var det ein hest som ikkje gjekk på fram så eg måtte ut i tredjespor. Det var ein hest der òg som ikkje gjekk framover, så eg drog ut i fjerdespor. Ut av siste svingen huka to ekvipasjar hjul framfor meg, så eg vart redd for at kuskane skulle forlata vogna. Heldigvis haldt dei seg på og eg kunne køyra forbi dei. På oppløpet var det endå ein hest som galopperte og drog ut framfor oss, slik at eg  måtte justera Hotten igjen. Sjølv om me fekk desse stoppane spurta han i ein imponerande fart heilt til mål og fekk ein fin 5.plass på 1.16,9. Det må vera bra etter fem månaders pause.

Dersom eg hadde køyrt i førstesporet frå siste svingen og til mål kunne eg nok vore endå lenger framme, men me var nøgde med hesten som gjorde ein strålande innsats.

Nokre bilete Eirik Blindheim tok denne dagen:
Defilering.

Prøvestart.

Startsida.
  
Startsida.

Kommentarer

Populære innlegg