2. plass med Eggen Prins

Tysdag forrige veke var eg ute i rekruttløp med Eggen Prins. Me hadde 40 meter tillegg. I varminga var han roligare enn vanlig, så eg fekk varma slik eg ville. Han var ikkje heilt fin i aksjonen i prøvestarten og var litt meir ustabil enn han plar vera. Me trefte starten godt i løpet, men han la seg ikkje skikkelig til i travet så eg måtte ta det litt med ro til å byrja med. Dermed fekk eg posisjonen fjerde innvendig, i den einaste ryggen eg ikkje ville ha i dette feltet. Eg syns eg hugsa at den hesten stoppa veldig tidlegare, så eg følgde godt med på korleis den gjekk undervegs. 1200 meter frå mål gjekk favoritten Spydermann Ø.K. framover i andresporet, så eg var på veg til å styra ut i rygg på den, men akkurat i det eg styrte ut galopperte han. Dermed svingte eg inn igjen i førstespor.

Like etter såg eg at Tjurajenta ikkje følgde ryggen heilt, og sjølv om Eggen Prins skal gå i rygg styrte eg ut først i andrespor. Eg passerte Tjurajenta og køyrte ned i førstespor att. Der låg eg til siste bortre langsida. Då gjekk eg ut i andrespor igjen. Eg såg at fleire kom bakfrå, men eg ville ikkje styra på for tidlig med min. I siste svingen kom eg på at eg måtte dra hetta. Han gjekk veldig fint heilt fram til det, og vart endå piggare då han fekk av hetta. Det vart trongt i siste svingen då hesten på utsida datt litt innover, men på oppløpet fekk eg fritt fram. Då drog eg skylappane og han tok verkeleg tak i det. Han kjempa seg fram på sida av tethesten, men Mats Gunnar Ringberg sat stille bak Modina så han hadde nok kontroll på seieren. Me var ei halv lengd bak i mål og fekk ein fin 2. plass.

Eit bilete Andrea Reime tok:

Kommentarer

Populære innlegg