One Hot Minute i montédebut

På torsdag skal eg til Bergen for å ri løp på One Hot Minute. Eg har ikkje ridd han før, men eg har kjørt han i eit rekruttløp. Han debuterer i travritt her, så eg er usikker på kva han kan. Prøveløpet gjekk han på 1.23,8 i desember i fjor, utan å imponera. Han har gått to løp no etter pause og har gjort fine løp, så eg trur formen er bra. Fordelen hans er at han er travsikker, ulempa at han er vanskelig i volten og fort taper mykje frå start. Eg veit ikkje korleis han er under sal, men me får satsa på å ikkje tapa for mykje frå start og så prøva å få ein premie.

Motstanden:
1. Giant Gold: Har berre gått eitt montéløp. Gjekk 1.18 på mellomdistanse med autostart då. Får fin posisjon undervegs, så kan kanskje lifta med til ein fin plassering langt framme.
2. Options Blue Chip: Gjekk prøveløp på 1.18,5 og såg fin ut då. Har beste rytteren og står godt inne grunnlagsmessig, så han skal reknast som ein vinnarkandidat sjølv i debuten.
3. Yor De Landerije: Leverte eit fint prøveløp på 1.18,1 og såg ut til å lika seg under sal. Står fint til på strek så han er med langt framme med ein gong. Kan fort vera vinnaren av dette løpet.
4. Hangman: Gjekk godt sist han starta monté med Iselin på ryggen, men har ikkje vist det store i tida etterpå. Premiekandidat.
5. Giant Augustinu: Er litt opp og ned i prestasjonane, men er vanlegvis flink og plukka premiar med seg. Utan galopp og med rett løp kan han kjempa om ein trippelplass.
6. Santiago: Debuterte i monté i Haugesund. Gav seg litt til slutt då, men har fått ei gjennomkøyring etter det løpet og er nok endå betre denne gongen. Trippelkandidat.
7. Moon Ulvholm: Er litt variaberl i prestasjonane, men har gått nokre gode montéløp. Vann i sin siste start, så formen er nok bra. Kjemper om ein trippelplassering.
8. Feel The Heat: Har gått gode montéløp den siste tida. Rytteren har berre tre løp bak seg, men kjenner hesten frå trening. Kan kjempa om ein trippelplass her.
10. Aramis T.K.: Har ikkje vist det store den siste tida, men knallar til med nokre gode løp i ny og ne. Er nok kanskje ein premiekandidat med utgangspunkt i hans siste resultat.
11. Eyeformoney L.: Gjorde eit godt løp på Haugaland i sin siste start. Caroline hadde godt tak på hesten. Står vanskelig til i bakspor på volten, men om det løyser seg skal han reknast med trippelsjanse.
12. Max Stensbæk: Har ikkje overbevist under sal så langt, så er nok berre ein premiekandidat.
13. Britney Spur: Vann i sin siste start. Står vanskelig til i bakspor, men om det løyser seg kan ho nok kjempa om ein ny trippelplass.
14. Silverboy M.C.: Han har gått fleire gode montéløp og fekk tredjeplass i sin siste start. Eg kjenner ikkje rytteren som berre har ti løp bak seg. Ifølgje DNT sine sider bur ho i Trondheim, så eg går ut i frå at det er ein grunn til at ho vel å ta turen til Bergen for å ri Silverboy. Ein outsider i løpet.

Startliste:
Løp: 3  Montéløp   (ca. kl. 19:00)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige.
2100 m. Tillegg 20 m ved vunnet 175.000 kr.
Premier: 12.000-6.000-4.000-3.000-2.000-(1.500) kr.
Varmblods      Volte V5-2     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Giant Gold Christiane J. Kristiansen 152.100 1.16,7v 1.15,4a
2100 2 Options Blue Chip Kristine Kvasnes 156.630 1.15,7v 1.14,0a
2100 3 Yor de Landerije Ronja Good Djøseland 97.309 1.16,4v 1.15,0a
2120 4 Hangman Iselin Teigen 260.919 1.16,4v 1.14,8a
2120 5 Giant Augustinu Lene Bjånes Indrevær 176.951 1.17,2v 1.15,2a
2120 6 Santiago Linda Elisabeth Larsen 471.505 1.15,9v 1.13,1a
2120 7 Moon Ulvholm Christine Pedersen 187.424 1.18,1v 1.15,1a
2120 8 Feel The Heat Ann Kristin Rasmussen 288.756 1.16,2v 1.14,0a
2120 9 One Hot Minute Charlotte Steine 205.500 1.16,5v 1.13,4a
2120 10 Aramis T.K. Lene Rotneim 212.250 1.15,8v 1.15,1a
2120 11 Eyeformoney L. Caroline L.B. Morken 227.200 1.15,8v 1.14,1a
2120 12 Max Stensbæk Stine-Beate Hjartholm 186.913 1.16,0v 1.15,3a
2120 13 Britney Spur Victoria Steine 253.500 1.16,2v 1.15,0a
2120 14 Silverboy M.C. Brit Dregelid 514.000 1.16,7v 1.13,6a


Eit bilete frå rekruttløpet eg kjørte med han, foto: Eirik Blindheim:

Kommentarer

Populære innlegg