Volte med C.C. Lina

På Forus på tysdag skal eg ut å ri løp igjen. Denne gongen er det C.C. Lina som skal ut i eit volteløp over 2040 meter. Ho står litt dårleg inne, med 20 meter tillegg, sidan det er gode hestar på strek. Sist eg rei ho var det voltestart, og ho løyste godt frå start, men brukte altfor mykje energi på alle omstartane. Etterpå gjekk ho eit ok løp på 18,2. Ho har ikkje starta etter det, og då er det nesten ein månad pause. Korleis det slår ut veit eg ikkje, men ho må vera forbetra om ho skal klara å kjempa i toppen her, for motstanden er hard. I fyrste omgang trur eg premie må vera målet her.

Verst i mot trur eg at strekhestane er. Bar Story som Kari Anne trenar, og rir sjølv, står på strek. Har lite i grunnlag, men stor kapasitet. Ho var svært nøgd med han i prøveløpet, og me får nok store problem med å henta han inn att. I debuten var han lynrask bak startbilen på Klosterskogen, men galopperte i første svingen. Kanskje volte er fordel. Kom tilbake i løpet etter å ha tapt mykje på galoppen, men galopperte igjen i samme svingen. Så svingane var kanskje litt krappe på Klosterskogen. Trur den kan vera veldig bra. Gjekk fort mellom galoppane. Caroline står og på strek med sin eigen Goal Pointer. Han har berre levert fine løp etter han kom ut i deira regi, og vann eit montéløp i Bergen i sin siste start. Fordel av å stå på strek, og får nok eit fint løp og vert då farlig til slutt. Utan galopp er han i toppen igjen. Lengs bak står Moon Dreamer, berre 20 meter bak Lina. Kristine får fornya tillit på han, og har vist at ho har godt tak på han. Ho rir godt, og kjemper nok i toppen med han igjen. Han har levert fine innsatsar i det siste, så formen ser bra ut. Har ein farleg spurt på oppløpet om dei to strekhestane ikkje har fått for mange lengder.

Yunin Boko har ikkje vist noko i monté tidlegare, men får ein dyktig rytter påp ryggen. Ryktene går om at han hadde sett fin ut i eit hurtigarbeid under sal, og han kan kanskje overraska med å enda i toppen her. Oakridge Starcraft var forbetra i Bergen sist, og Monica kjenner han betre no, men det vert kanskje for tøft selskap her. Om han er ytterlegare forbetra kan han kanskje kjempa seg til ein trippelplass, for kapasiteten er stor. Kippis er ein svært spennande montédebutant. Renate Aarlie godkjente han for monté 20. mai i fjor, og ho har sagt at han er betre enn Kitten, og Kitten tok mange montésigrar. Rytteren Linda Bø rir sitt fyrste løp her, men ho har drive med hest lenge, så det taklar ho nok fint. Hangman og K.L.M. Kilroy må vera strålande nøgde om dei klarer å få premie i dette løpet.


Løp: 8 Montéløp (ca. kl. 20:45)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige, åpent for alle montelisenser.
2040 m. Monté. Tillegg 20 m ved vunnet 150.000 kr., 40 m ved 350.000 kr.
Premier: 12.000-6.000-4.000-3.000-2.000-(2.000) kr.
Varmblods Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Yunin Boko Lise Hjetland 125.147 1.19,0v 1.14,9a
2040 2 Goal Pointer Caroline L.B. Morken 114.537 1.16,6v 1.16,6a
2040 3 Bar Story Kari Anne Knutsen 51.000 1.18,3v 1.15,9a
2060 4 Hangman Siw Helen Bø 253.419 1.16,4v 1.14,8a
2060 5 K.L.M. Kilroy Ronja Good Djøseland 302.500 1.16,9v 1.14,6a
2060 6 Oakridge Starcraft Monica Refsland 237.000 1.16,1v 1.13,8a
2060 7 C.C. Lina Charlotte Steine 229.250 1.17,4v 1.14,8a
2080 8 Moon Dreamer Kristine Kvasnes 1.047.963 1.15,5v 1.11,2a
2080 9 Kippis Linda Bø 441.801 1.15,1v 1.13,2a



I tillegg til dette skal eg køyra eit rekruttløp med Særheims Kongen. Det er eit lite felt med berre 7 hestar. I følgje dei siste resultata er det ein brukande hest, så me får gjera så godt me kan.

Kommentarer

Populære innlegg