Regelverket i monté

I det siste har eg ridd fleire og fleire montéløp, og eg undrar meg gong på gong. Fungerer regelverket annleis for montéløp enn i travløp? Gong på gong bryt rytterane seg ut, og gong på gong vert hestar sjenerte eller flytta utover i spora. Eg har til og med vore med på at ekvipasjar har kome på innsida av hesten i fyrstespor og fått behalda sigeren. Det skal lite til før det blir plass i montéløp, det er ikkje store opningen ein treng før hestane sjølv flyttar seg og det vert plass. Har ein 40 centimeter og styrer ut der, så lagar hestane plass sjølv sidan dei ikkje har vogn å flytta på. Det hender gong på gong. Rytterane rir styggare og styggare. Sjølv om det er monté så er fyrstespor faktisk fyrstespor, og andrespor er andrespor. Dersom du sit fast i rygg kan du ikkje berre la hestane laga plass. Det vert urettferdig.

Når skal dommarane byrja å slå ned på montérytterane? Dersom det ikkje hender noko snart vert sporten styggare og styggare. Sjeneringane vert grovare, og kanskje ein dag hender det ei ulukke. Å sitja uti banen og sjå kor gale det faktisk er, er svært irriterande. Fleire gongar har eg hatt lyst til å klaga, men har teidd still for ikkje å koma på kanten med dommarane.

Sjølv har eg fått bot for sjenering, utan å vita kvifor. Ekvipasjane som har ridd rundt meg har sagt at eg ikkje har sjenert dei, men eg betalte boten og haldt fram å vera på godsida med dommarane. Det lønnar seg nok å ikkje seia i frå, men snart må nokon få opp auga og slå ned på ufin sport. Dersom dette får halda fram, vert ikkje monté ein sport me vil ha her. Rytterane må sjølvsagt og ta til seg at ein ikkje berre kan ri ut, sjølv om det blir plass til slutt. Det er i utgangspunktet me som må endra oss, men eg er redd at om ikkje nokon hjelper til og reagerer så vert det snart for seint.

Held det fram med at alle berre kan dra ut i spora, og får behalda plasseringa, så får ein snart ville vesten-tilstandar i norsk montésport. Eg har sett mykje av det, og det hender gong på gong. No er det på tide at nokon får opp auga. Dersom montéryttarar lagar plass eller bryt seg ut, sjenerer nokon eller jagar meir enn godkjent, skal også dei ha bøter eller utelukkast. Snart må nokon reagera. Før det er for seint.

Kommentarer

  1. Skjønner hvilket løp i dag som kan ha ligget i grunnen for denne bloggen. ;)

    Opplevde selv på lørdag og få samme hest rytter i trynet to ganger i samme løpet. Først i den første svingen hvor hun rir i mellom der det ikke er plass. Og så i den nest siste svingen hvor hun går ut ett spor, noe som dytter meg ut i 3spor.

    Jeg tåler ikke slik ridning og gikk rett til dommerne. Man må da kunne snu på hodet. Hun fikk bot!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg