NM nærmar seg med stormskritt, 27 dagar igjen

Snart er det klart for Noregsmeisterskapen for montéryttarar. Eg gler meg kjempemykje allereie. Det vert stas å endeleg få ri løp på austlandet. Berre ein gong tidlegare har eg vore i Drammen, det var då Thai Lady fekk 2. plass i Nils Brekkes Pokalløp. Aldri har eg ridd på austlandet, og eg har heller aldri ridd på ein 800-metersbane. Det vert spennande. Tidlegare har eg ridd to løp på ein dag, men aldri tre. Då reknar eg med at eg får kjenna det. Konkurrentane er meir rutinerte enn meg, og eg er den med færrast sigrar. Totalt har eg vunne 8 løp i karrieren, men 6 av dei var i fjor.

Konkurrentane er i følgje Drammen Travbane sine sider:

Årets deltagere er:
Liv Pedersen
. Tittelforsvarer og fra Biri. 41 år og har totalt vunnet 216 løp.
Kristine Kvasnes. Fra Forus, 22 år og har vunnet 95 løp.
Siv Emilie Løvvold. Fra Jarlsberg, 19 år og har vunnet 22 løp.
Kari Anne Knutsen. Fra Sørlandet, 42 år og har vunnet 21 løp.
Line Gundersen. Fra Momarken, 34 år og har vunnet 122 løp.
Mette R. Nyløkken. Fra Drammen, 32 år og har vunnet 52 løp.
Elsie Hafskjold. Fra Jarlsberg, 32 år og har vunnet 10 løp.
Stine Marlen Bendiksen. Fra Harstad, 28 år og har vunnet 32 løp.
Johanne Ulrica Øveraasen. Fra Biri, 29 år og har vunnet 88 løp.
Charlotte Steine. Fra Bergen, 21 år og har vunnet 8 løp.
Britt Lea. Fra Forus, 28 år og har vunnet 24 løp.
Annika Gresseth. Fra Leangen, 41 år og har vunnet 28 løp.

Eg er berre 20 år (vert ikkje 21 før i august). Berre Siv Emilie er yngre enn meg, og Kristine er eitt år eldre. Me skiller oss ut som dei yngste, men det synest eg er morosamt. Det er stort for meg å få vera med i NM i så ung alder, dei andre har så mange fleire år med erfaring. Eg ser fram til NM og gler meg til å få prøva nye hestar. I tillegg er eg spent på korleis det blir å ri mot så mange rutinerte rytterar, då trur eg at ein får meir bruk for dei taktiske eigenskapane sine. I NM får eg testa meg, både fysisk og psykisk. Nedteljinga har starta.

Kommentarer

Populære innlegg