Lillruben i montédebut i Travritt.nos montéløp

På fredag er det klart for Lillruben sin montédebut. Eg rei prøveløp på han 21. april, og det gjekk han fint på 19,7. Etter det har han gått eit travløp der han gjekk 16,9 over 2100 meter med autostart. Volterekorden hans er 17,2 over 2100 meter. Kor fort han kan gå under sal, synest eg det er vanskeleg å vurdera, men han fungerte i alle fall fint i prøveløpet. I prøveløpet var det fyrste gongen han gjekk hurtigarbeid under sal, og eg synest han gjorde det på ein fin måte. Me står på 60 meter tillegg her, og det kan bli langt fram mot dugande hestar. Han tulla litt i volten i prøveløpet, det har han ikkje tid til her for me kan ikkje tapa så mykje i starten med dette tillegget. Konkurransen er hard, og det er mange gode i mot.

Kven som er verst i mot synest eg er vanskeleg å seia, for det er mange debutantar her og mange gode hestar. Traffic Light får Kristine Kvasnes på ryggen, ho har ridd hesten i eitt hurtigarbeid og han skal gå med noko nytt utstyr. Svært spennande ekvipasje. I sitt fyrste løp galopperte han på oppløpet som mogeleg vinnar, og vart diskvalifisert. Om Kristine klarer å halda han på beina vert eg ikkje overraska om han er fyrst i mål. News Wind tek turen frå austlandet. Mette Nyløkken blir ikkje med, så det trekkjer ned, men hesten er god. Han har vunne i Bergen tidlegare frå langt tillegg, og Mette sa at han i sin siste start var det beste ho hadde kjent han. Knödden Aubiose er siste tilskotet på stamma hjå Gaute Lura, han veit kva han gjer når han sender ut montéhestar. Debuten for dei enda med galopp og rytteren i bakken, om han held seg i trav her er han langt framme. Manstrong skuffa i sitt siste montéløp, er vanskeleg å få frå start og må vera forbetra om han skal hevda seg frå så mykje tillegg. Han har vist tidlegare at han er god, så han kan om han vil.

Gri Dynamit er ein spennande montédebutant. Ryktene går om svette hurtigarbeid under sal. Han såg fin ut i prøveløpet, og har nok fordel av å komma i eit felt. Renate er optimist, og ho kan ha ei ny montéstjerne i denne, sjølv frå langt tillegg. Ein annan spennande debutant er Spenda D'Hilly, ikkje minst på grunn av rytteren. Siv Emilie Løvvold er ein av Noregs beste rytterar, og ho er henta frå austlandet for å ri. Om dei kjem fint frå start kan Siv Emilie gjera sitt fyrste Bergensløp til ein god prestasjon, kanskje kan dei klatra heilt til topps. Siv Emilie skal alltid reknast i løpa ho er med i, og her er ho i ein klasse for seg sjølv. Joey er endå ein interessant debutant. Han gjekk eit greit prøveløp, der han vart trøytt til slutt. Siw Helen Bø melder om utstyrsendringar som skal gjera han endå betre. Har berre 20 meter tillegg, og dermed forsprang på alle dei verste konkurrentane. Vann i sin siste sulkystart, så formen er bra. Kanskje kan han overraska alle. Odds On debuterer og i dette løpet. Ein hest trenaren har veldig tru på. Ho hadde gått eit fint hurtigarbeid på 1.17 i 1000 meter, kan ho det på distansen er det få som klarar å henta ho inn igjen. Har sannsynlegvis fordel av å stå åleine på strek for å få ro i starten. Moon Ulvholm har berre eitt montéløp bak seg, og han kjenner eg lite til. Vert nok premiekandidat i dette feltet. Misty Valley N. har overraska i begge sine montéløp med to trippelplasseringar av to mogelege, byrja med ein tredje og så ein andre, om stigninga held fram er det teoretisk sett sigeren som skal koma. Victoria tok sin fyrste siger i karrieren i sin siste start, så rytterformen er på plass. Snowshoe Bassie G.D. skuffa i sitt første montéløp, og skal slita med å få premie her trur eg. Aramis T.K. har ikkje starta sidan september og får ny rytter her igjen, så han er nok nøgd med premie.

Det er eit felt med mange spennande hestar, og kven som trekk det lengste strået er vanskeleg å seia. Eg ser fram til dette løpet og håpar at Lillruben kan gjera ein fin innsats.


Løp: 1 Montéløp (ca. kl. 18:15)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige, åpent for alle montelisenser.
2100 m. Monté. Tillegg 20 m ved vunnet 45.000 kr., 40 m ved 90.000 kr., 60 m ved 180.000 kr., 80 m ved 360.000 kr., 100 m ved 720.000 kr.
Premier: 12.000-6.000-4.000-3.000-2.000-(2.000) kr.
Varmblods Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Odds On Oda Mykkeltvedt 0 1.24,7v 1.20,6a
2120 2 Joey Siw Helen Bø 76.500 1.18,3v 1.16,3a
2140 3 Spenda D'Hilly Siv Emilie Løvvold 116.000 1.16,1v 1.15,8a
2140 4 Moon Ulvholm Christine Pedersen 155.424 1.18,1v 1.15,6a
2140 5 Misty Valley N. Victoria Steine 168.000 1.16,4v 1.15,8a
2140 6 Snowshoe Bassie G.D. Iselin Teigen 159.271 1.17,8v 1.16,1a
2160 7 Knödden Aubiose Caroline L.B. Morken 339.137 1.15,0v 1.12,9a
2160 8 Lillruben Charlotte Steine 269.441 1.17,2v 1.14,3a
2160 9 Traffic Light Kristine Kvasnes 295.007 1.15,2v 1.14,8a
2160 10 Aramis T.K. Mariann Borgen 197.750 1.15,8v 1.15,1a
2180 11 Manstrong Jeanett D. Knappskog 382.000 1.15,9v 1.14,2a
2180 12 News Wind Solveig Maria Fosse 574.569 1.16,9v 1.13,5a
2180 13 Gri Dynamit Renate Aarlie 371.673 1.18,4v 1.12,1a


Biletet er teke av Karianne Lindin i prøveløpet.

Kommentarer

Populære innlegg