Ein strøket, og ein slakk

På torsdag var eg i Bergen for å ri Delphis Lantern. Det såg ut som eit fint løp på papiret. I varminga var han hissig, men han virka betre enn sist eg rei han. Denne gongen var det autostart, og bak bilen ropte dei at me måtte laga plass til nummer tre. Det var god plass, men eg tok i han og då snubla han og var på veg under vingen. Heldigvis stoppa hovudet hans i vingen, slik at han ikkje kom under. Då bilen slapp vart det trongt med dei som kom utanfrå, og dermed galopperte han. Eg fekk han nedpå igjen, men me tapte mykje og kom lenger bak i spruten. Sidan han er sprutredd var ikkje det heilt ideelt. Han vart liggjande bak i feltet heile vegen og tapte meir og meir. Travet var bedre enn sist, men ikkje heilt på topp. Det var ikkje noko sprut i han, og verka ikkje som han syntes det var noko artig lenger. Veldig synd at han har vore slik i løpa, for i prøveløpet var han veldig fin. Då fekk han gå i tet, så det hadde nok litt å seia. Til slutt fekk han 6.plass på 1.20,0. Så lenge ein får premie, så har ein ikkje lov å klaga.

Caroline vann løpet med sin eigen Goal Pointer. Dei gjorde ein flott innsats og var verdige vinnarar. På lørdag skulle eg ridd Knardal Elden på Sørlandet, men han vart strøken om fredagen, så det vart ikkje autostart med kaldblods på meg denne gongen heller.

To bilete av Delphis Lantern, tatt av Pia Eidenbom. Han er i alle fall flott å sjå på!



Kommentarer

Populære innlegg