Lillruben i Bergen

På torsdag skal eg til Bergen å ri igjen. Lillruben skal springa dei to rundane med meg på ryggen. Brizy og travformidling.com sponsar løpet. Me er belasta med 60 meter tillegg denne gongen og, så det vert langt fram når Joey og Goal Pointer går 1.18 eller fortare frå 20 meter tillegg. Lillruben er vanskeleg i volten, og taper for mykje der. Dersom han er betre i volten og me kan få ein betre start vert det lettare å koma inn i løpet. Han imponerte meg veldig sist på 17,4 på ein svært tung bane. Det var fyrste gongen han gjekk i eit felt, og me tapte litt før han skjønte kva han skulle. Forhåpentlegvis forstår han meir og tar i frå første steg denne gongen. Innsatsen sist synest eg var så fin, at med litt klaff kan han kjempa om ein fin premie, eller kanskje ein trippelplassering.

Av konkurrentar er det mange gode. Goal Pointer overbeviser meir for kvart løp han startar og kan fort vinna igjen. Joey står med tre strake sigrar og har toppformen inne. Om han får dirigera åleine i tet slik som sist, vert han vanskeleg å nå att. Glide står på same tillegget som oss. Han er veldig god og hentar mange til slutt. Kan fort vinna, om dei to andre ikkje rir som gale. Gri Dynamit gjorde ein fin innsats i sitt fyrste montéløp og står 20 meter lenger framme no, kan vera langt framme igjen. Silverboy M.C. vann i sin siste start, med Siv Emilie Løvvold på ryggen i Drammen. Må gå utan galopp, men har ein fin spurt til slutt med det rette løpet. Eva har vunne med han før, og kan gjera det igjen. Mustang Elegance er ein nykommar frå Sverige. Usikker på kva den kan, men har høyrt rykter om at det skal vera ein fin montéhest. Umpire Boko og Tom Cruiser er to spennande debutantar som har gjort greie prøveløp. Det vert nok for hardt her, men dei kan sikkert gjera fine løp begge. Manstrong er ikkje i den formen han var og har skuffa i sine siste montéløp, må vera betre om han skal få premie. Giant Augustinu gjorde eit fint løp sist, men det vert sannsynlegvis for hardt her. The Summers Lady debuterer for eigaren her. Eg reknar med at ho tidleg vert overflydd, men kanskje ho heng med til ein premie. Park Angel har ikkje vist noko i det siste. Moon Ulvholm må kjempa for ein premie her. Bellissimo har ikkje overbevist tidligare, men har bytta eigar og trenar. Motstanden er kanskje enklare enn på austlandet, men vert berre ein premiekandidat her.

Det er eit spennande løp, der fleire kan vinna. Eg gler meg til å sjå om Lillruben er like glad for å gå monté denne gongen. Han er ein herleg hest, som eg ser fram til å ri igjen.


Løp: 4 Montéløp (ca. kl. 19:20)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige, åpent for alle montelisenser.
2100 m. Monté. Tillegg 20 m ved vunnet 65.000 kr., 40 m ved 130.000 kr., 60 m ved 260.000 kr., 80 m ved 520.000 kr.
Premier: 12.000-6.000-4.000-3.000-2.000-(2.000) kr.
Varmblods Volte V5-3
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 The Summers Lady Oda Mykkeltvedt 49.116 1.19,0v 1.17,1a
2120 2 Goal Pointer Caroline L.B. Morken 130.537 1.16,6v 1.16,6a
2120 3 Joey Siw Helen Bø 102.500 1.18,0v 1.16,3a
2140 4 Giant Augustinu Lene Bjånes Indrevær 160.951 1.17,2v 1.15,2a
2140 5 Bellissimo Solveig Maria Fosse 139.120 1.17,9v 1.15,1a
2140 6 Tom Cruiser Mariann Borgen 200.950 1.17,0v 1.15,7a
2140 7 Moon Ulvholm Christine Pedersen 158.424 1.18,1v 1.15,6a
2140 8 Umpire Boko Monica Refsland 175.681 1.18,7v 1.14,8a
2140 9 Mustang Elegance Victoria Steine 145.913 1.15,9v 1.15,3a
2140 10 Park Angel Linda Thorsen 212.500 1.17,1v 1.14,8a
2160 11 Silverboy M.C. Eva Hellem 494.500 1.16,7v 1.13,6a
2160 12 Lillruben Charlotte Steine 275.941 1.17,2v 1.14,3a
2160 13 Gri Dynamit Renate Aarlie 374.673 1.17,9v 1.12,1a
2160 14 Glide Kristine Kvasnes 273.500 1.16,7v 1.15,6a
2160 15 Manstrong Jeanett D. Knappskog 382.000 1.15,9v 1.14,1a


Kommentarer

Populære innlegg