Ny sjanse med Rigel Elden

På Sørlandet på søndag skal eg igjen få prøva Rigel Elden i eitt montéløp. Han har gått 25-26-tider i travløp på distansen den siste tida, så formen ser ut til å vera grei. På Jarlsberg galopperte han for Kari Anne, og enda uplassert på 29,8 på sprint. Så langt har han stort sett plukka med seg premiar i monté, så me får håpa han gjer det her og, sjølv om han står litt dårleg inne i løpet med 60 meter tillegg. Det er ingen på strek, så i realiteten er det 40 meter me må henta på dei som står lengst framme.

Rydell startar på den kortaste distansen, 40 meter framføre oss. Han har verkeleg gjort jobben sin i det siste og står med tre strake sigrar, og han har gått fortare for kvart løp. Om han går ei 27-tid frå strek er det nok ingen som hentar han inn. Lineas Elfin har berre gått eit montéløp tidlegare, og enda uplassert då. Må vera betre for å hevda seg her. Hjerteborken er vanskeleg i volten, og kan tapa mykje frå start, men det er ein god hest. Han får ny rytter igjen her, og det kan kanskje vera eit minus sidan ho ikkje kjenner han. Likevel er hesten god nok til ein trippelplass uten galopp.

20 meter framføre oss står Moe Argr, som står fint inne grunnlagsmessig. Utan galopp kan han kanskje kjempa om ein trippelplass her. Han var god 19. mars, og har hatt ein månad pause no. Kari Anne valde å ri denne sjøl, så kanskje ho har litt ambisjonar med han. Bjørkespik galopperer mykje, men då han gjekk feilfritt på Biri 6. mai var han god til 4. plass på 27,9. Han må gå feilfritt, men om han gjer det er eg ikkje overraska om han dukkar opp langt framme. Dorr Valentin står og på det tillegget. Han har berre to montéløp bak seg, og det var i juni og september 2009. Innsatsane då var ikkje imponerande resultatmessig. Med Siv Emilie på ryggen skal han nok reknast her, sjølv om han ikkje har overbevist i sulky i det siste.

Det er eit lite felt, og bak Rydell er det ingen som skiller seg ut. Med 40 meter tillegg, så trur eg dessverre me får langt fram. Me får gjera det beste utav det og prøva så godt me kan på ein fin premie.

Løp: 1 Montéløp (ca. kl. 18:15)
Montéløp
Kaldblods. 5-15-årige , åpent for alle montelisenser.
2140 m. Monté. Tillegg 20 m ved vunnet 300.000 kr., 40 m ved 450.000 kr., 60 m ved 750.000 kr., 80 m ved 1.350.000 kr. Maks 7 startende pr distanse.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2160 1 Lineas Elfin Malin Berås 383.400 1.27,0v 1.26,0a
2160 2 Rydell Liv Pedersen 413.804 1.27,9v 1.28,0a
2160 3 Hjerteborken Lene Vehusheia Rørvik 369.641 1.27,1v 1.24,6a
2180 4 Moe Argr Kari Anne Knutsen 745.000 1.24,4v 1.24,2a
2180 5 Bjørkespik Marlene Grimstad 644.500 1.25,3v 1.24,1a
2180 6 Dorr Valentin Siv Emilie Løvvold 630.000 1.25,5v 1.25,7a
2200 7 Rigel Elden Charlotte Steine 877.500 1.23,6v 1.24,0a


Foto: Arnfinn Roaldsøy

Kommentarer

Populære innlegg