C.C. Lina på 5. plass

Forrige tysdag rei eg C.C. Lina i eit montéløp på Forus. Ho har bytta eigar sidan sist. Systera til Kari Anne har overteke ho, og Kari Anne har no ansvaret for treninga. Allereie i varminga viste ho at ho var tilbake slik ho var fyrste gongen eg rei ho. Det var ei god kjensle at ho vart litt hissig. Dermed varma eg berre to rundar, og jogga heller i hesteringen etterpå, for å spara på kreftene.

Frå 20 meter tillegg løyste ho fint og kom fram i tilbaketrekt dødensposisjon i fyrste svingen. Me jobba oss framover mot ledaren, men opp mot 500-meterspasseringa gjekk Goal Pointer ut framføre oss. Då rykte ho hovudet opp, og trekte seg, så det verka som ho reagerte på spruten. Første 500 meter blei passert etter 1.19. Då låg me i andre utvendig. Gjennom andre svingen hadde me mista mykje fart etter stoppen hennar, så eg gjekk inn i tredje innvendig. Der følgde ho greit i ryggen, men ville ikkje heilt opp i hesten framføre. Då tethestane sette opp farten på sisterunden sleit ho litt med tempoauken. Det var strekk i feltet, og eg måtte bruka tid på å jaga ho opp i fart. Gjennom den siste svingen hadde me nokre lengder fram til hesten framføre. Eg bestemte meg for at me skulle ta igjen den, og masa på ho heilt til mål. Ho svarte på jaginga og fullførte heilt inn. Like før mål tok me oss forbi og fekk 5.plassen. Til slutt landa ho på tida 1.17,7 og så fort har ho ikkje gått på volte sidan ho gjekk rekorden sin i 2009. Ho har aldri gått så fort på mellomdistanse i monté noko gong. Så dette var framgang og eg var svært nøgd med ho.

Foto: Kristin Stokkedal

Kommentarer

  1. Veldig bra!
    Skal hun prøves med sprutmaske neste gang?

    SvarSlett
  2. Da veit eg ikkje. Har jo ridd ho nokre løp, men aldri merka at ho har trekt seg på hestane tidligare. Så om Kari Anne vil prøva med maska veit eg ikkje, men det kan henda at det er ein fordel.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg