3. plass i debuten

På fredag var eg i Bergen for å ri Lillruben i hans montédebut. Etter det fine prøveløpet var eg veldig spent på kva han ville visa fram i løpet. Han varma veldig fint. Det er så herleg å ri ein hest som gjer akkurat som han får beskjed på og ikkje vert i overkant hissig.

Då me kom i volten merka eg at han var litt vanskeleg, slik som i prøveløpet. Dermed tok eg det sikre framføre det usikre og volta roleg. Han kasta seg rundt i det me snudde opp kvar gong me kom rundt i volten. Me fekk sjølvsagt ein litt treig start sidan han haldt på sånn, men eg ville heller det enn at han skulle kasta seg rundt og få omstart. På startsida var me med som tiandehest. Eg rei innvendig og då hestane kom på han på utsida trekte han seg. Det var ikkje lyd i høgtalarane, så då varsellyden kom på i fyrste svingen trudde eg det var omstart, men det var det heldigvis ikkje. Eg jobba han opp i fart og då gjekk det greit å liggja i rygg med han. Det vart strekk i feltet. Joey, som stod 40 meter føre oss, haldt tempoet oppe med passeringar på 1.19, og 1.17. Det vart langt fram.

I andre svingen fann eg ut at om me skulle ha ein sjanse, så måtte me byrja å henta metrar. Eg rei ut i andrespor og drog proppane. Han reagerte på dei og gjekk godt på nedover oppløpssida mot 1000-meterspasseringa. Det var langt fram. Eg drog skylappane i den nest siste svingen og han tok avgarde og auka farten. Ut på siste bortre langsida var me framme som fjerdehest. Caroline Morken låg framføre meg med Knödden Aubiose. Då ho skulle dra proppane galopperte han, ho mista eine tøylen og han skar inn på indrebane slik at ho falt av. Det var ekkelt. Eg trudde løpet skulle bli innringt og tok opp litt, men så såg eg at dei framføre meg haldt fram med å ri. Dermed var eg etter Lillruben igjen, og han svarte med å setja opp farten. Heilt inn i mål henta han meter for meter, men det vart for langt fram. Til slutt enda han på ein kjempeflott 3. plass på 1.17,4. Han var raskaste hesten i feltet, og eigaren og oppassaren var strålande nøgde. Det var eg og. Lillruben er ein fantastisk flott hest å ri. Han er regulerbar og gjer som han skal. Å ri ein sånn hest er ei stor glede. Eg ser allereie fram til neste oppgåve, som vert i Bergen 2. juni.


Begge bileta er tekne av Eirik Blindheim.

Kommentarer

Populære innlegg