Noregsmeisterskap

22. mars fekk eg brev i posten. Konvolutten var merka med Drammen Travbane. Inni konvolutten låg eit brev. Overskrifta var NM monté 2011. Logoane til Drammen Travbane og Buskerud Travforbund var øvst på arket. Like under dei stod det:
Til uttatte deltagere
Vi har gleden av å informere om at du er tatt ut til Norgesmesterskapet for montéryttere på Drammen Travbane fredag 17. og lørdag 18. juni 2011.

Årets mesterskap går over to dager, hvor det rides 4 løp fredag, der rytterne rir tre løp hver og alle tolv deltar i finaleløpet lørdag.

Saman med meg er det elleve andre kvalifiserte. Eg representerer Bergen. Liv Pedersen er tittelforsvarar. Frå landsstatistikken er Kristine Kvasnes, Siv Emilie Løvvold, Kari Anne Knutsen, Line Gundersen, Mette R. Nyløkken, Elsie Hafskjold og Johanne Ulrica Øveraasen tatt ut. Frå dei andre lokalbanane er det Stine Marlen Bendiksen som representerer Harstad, Brit Lea frå Forus og Annika Gresseth frå Leangen.

Eg ser verkeleg fram til å ri NM. Det skal verta ei stor oppleving, og sannsynlegvis veldig slitsamt, men eg ser fram til det. Eg har endå ikkje ridd på ein Austlandsbane, så det vert ei ny oppleving for meg. I tillegg skal det bli spennande å ri mot så mange rutinerte og gode rytterar. Dette er verkeleg årets, og karrierens, høgdepunkt for meg. Eg har sjølvsagt takka ja til min plass.

Rei Spika var ein av hestane som hjelpte til å sikra meg NM-plass. Foto: Terese Aarlie.

Kommentarer

  1. Det blir kjempemorro! Håper du får fine hester og ri. Jeg er på plass som vanlig og hjelper til og varme hester for de som trenger det.

    SvarSlett
  2. Ja, eg glede meg masse. Eg satse på å ha med tre salar og alt utstyr, sånn at eg får salt opp alle. Like å kjenna på hestane før eg rir dei, så eg satse på at eg rekke da. Men om da ikkje går, så trenge eg kanskje hjelp.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg