Delphis Lantern i NTAFcup-kvalifisering

På torsdag er det kvalifiseringsløp til Norsk Travamatør Forenings montécup i Bergen. Eg skal ri Delphis Lantern der. Han har eg ridd to gonger tidlegare. I prøveløpet fungerte han fint og gjorde ein god innsats, medan han i montédebuten kasta seg rundt i volten og tulla fleire gonger etterpå. Denne gongen er det autostart, noko eg ser på som ein stor fordel. Forhåpentlegvis løyser han i trav og kjemper om teten. I følgje eigaren har han fordel av å vera med framme, så om han travar så får me prøva på det. Dersom han går som i prøveløpet trur eg han kan kjempa om ein trippelplassering her.

Motstanden synest eg ikkje var avskrekkande. Oakridge Starcraft er den beste hesten i feltet, men han skuffa meg stort sist han starta på Forus. Monica Refsland, som skal ri, seier at hesten skal skjerpast før løpet, og dermed skal han reknast i toppen her. Goal Pointer er ein flink hest. I sin montédebut gjekk han skikkeleg godt, men galopperte på siste langsida og vart diskvalifisert. Han fullførte løpet og passerte mål som tredjehest. Dersom han travar heile vegen er han langt framme. F.H. Niklas er debutant her. Stine Beate Hjartholm har ridd 1.15 siste 1000 meter med han i trening, så denne kan nok litt. Kanskje kjemper han i toppen allerede i debuten. Snowshoe Bassie G.D. er ein annan debutant. Rytteren Christine Pedersen, rir og sitt fyrste løp her, men ho har ambisjonar med hesten som ho seier har vist fine ressursar under sal. Park Angel har eg ridd fleire gonger tidlegare. Bakdelen for ho denne gongen er at ho må ha sjekk på, ho er klart best utan. Rytteren er urutinert, men dei har eit fint spor og ho er rask frå start. Dersom alt klaffar kan ho kjempa om trippelplass her. Explosive Nala er ein annan hest som debuterer her. Eg har ikkje sett ho i banen, og ho er vanskeleg å bedømma. Gjekk prøveløp på 24,6, men rytteren sa då at ho var svært hissig. Mariann Borgen trur ho har fordel av autostart, men kanskje er ho ein premiekandidat fyrste gong ut. Giant Augustinu må gå utan galopp for å få premie og det same må Super Victor. Han var tilbake til sitt gamle eg sist, og galopperte. Til slutt kasta han av rytteren. Forhåpentlegvis ender det ikkje slik denne gongen.

Det er eit løp utan hestar som skiller seg ut, og alle har under 145 poeng så det er ingen formsterke hestar. Nokon må vinna her og, så det vert spennande å sjå kven som har mest å by på til slutt.

Kommentarer

  1. Masse lykkke til. Vært morro om du klarte og kvale deg til finalen i år også. :D

    SvarSlett
  2. Hadde vel berre fått strøket hest når eg kom bort då :P Da hadde vore artig, men er avhengig av at han oppfører seg sånn som i prøveløpet då.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg