For fort for Lina

Løpet i går passa ikkje heilt for C.C. Lina, som eg rei. Det var voltestart, og ein hest hadde bakspor på vårt tillegg. Dermed var det duka for omstartar, fire av dei. Lina løyste godt i alle startane. Den fyrste starten gjekk det tålelig greitt å stoppa. På grunn av mykje vind høyrte eg ikkje klokka som ringte for omstart. Då fekk me ein pangstart og hadde vore med heilt framme med ein gong. Det var fleire som ikkje merka at det var omstart, eg såg ikkje flagget og høyrte ikkje klokka. Då me kom til passeringstidskiltet oppdaga me at det var omstart. Eg hadde store problemar med å få stoppa ho, for ho vart veldig hissig og sprang langt bort i svingen før ho stoppa. Heldigvis vart ho ikkje dum i volten, og oppførte seg bra. Ho brukte altfor mykje energi før løpet endeleg kom i gang.

I den gyldige starten fekk me den dårlegaste starten av alle forsøka, men ho gjekk greitt. Det verka som om ho mista litt av piffen, for ho var ikkje like mykje på høgget. Eg lot ho gå inn bak i baktroppen, og følgja innersporet. Fyrste 500 meterane gjekk fort. Då eg såg på mi klokke inn på den andre svingen gjekk det i 1.12-1.13-fart. Gjennom svingen i 1.14-fart og i 1.16-fart opp mot 1000 meterspasseringa. Lina sleit med å halda ryggen. Det spruta ekstremt mykje. Ho låg som fjerdehest på innerspor. Det vart eit stykke fram til dei fremste i feltet, men ho hang med i baktroppen. Frå siste svingen og inn gjekk ho godt, og klarte nesten å ta seg forbi sjettehesten. Me var ei lengde bak å få premie, men ho gjekk 1.18,2 og enda uplassert. Det er det raskaste ho har gått på voltestart i monté, så eg reknar ikkje med at ho hadde så mykje meir å gje. Dermed er eg nøgd med innsatsen.

Kommentarer

Populære innlegg