5.plass på Delphis Lantern

På torsdag var eg i Bergen med Delphis Lantern. I varminga fungerte han fint. Han tok nokre rare steg innimellom, men då eg sette fart på han gjekk han i 1.16-1.19-fart ein sving og i 1.20-fart ned oppløpet og fungerte fint.

I volten gjekk det seint, og me hang etter, så Delphisen kasta seg rundt i volten og tok ikkje travet skikkeleg. Han trøbla med travet, og hadde ein gangart blanda av alt mogeleg ned startsida. Inn på svingen kom alle beina over i galopp, då fekk eg han ned att i trav og fekk han i gang. Då hadde me tapt svært mykje. Eg lot han gå det han ville bak der, og drog proppane i andre svingen. Han gjekk fort, men fekk langt fram. På siste bortre langsida nærme me oss dei som var lenger framme. I siste svingen nærma me oss framleis, men han byrja å trøbla med travet att. Eg prøvde å hjelpa han, men midt på oppløpet slo han saman og galopperte. Eg fekk berga han ned i trav og fullførte til mål. Sidan to av dei som var framføre oss var diskvalifisert, fekk me 5.plass på 1.20,1.

Eg var nøgd med å få premie, men likte ikkje at han ikkje fungerte. Han var langt i frå den standen han var i prøveløpet. Trenaren Ove Kenneth Karlsen fortalte at han sleit med eit bakkne, som no skal sjekkast opp. Slik han var i dette løpet, var han ikkje i varminga eller i prøveløpet. Eg vart eigentleg litt overraska av at han var slik, for han virka så fin fram til løpet kom i gang. Det irriterte meg at det vart slik, men om han er plaga med helsa, så er han unnskyldt. At me fekk premie må me vera nøgde med. Ellers hadde Ovi ein flott dag med to sigrar og ein andre på dei tre siste hestane han hadde med til Bergen.


Foto: Ida Mari Holme

Kommentarer

Populære innlegg