Gjesteoppsitt på Knardal Elden

På laurdag er det V75-kjøring på Sørlandets Travpark. Eg og Stian skal ned med Boggy Michell og I Want Muscles frå stallen. Denne gongen var eg så heldig at eg fekk oppsitt i montéløpet og. For fyrste gong skal eg ri autostart med kaldblodshest. Knardal Elden er hesten eg skal få testa det med. Han er ein kapabel herre, som eg har sett i fleire av montéløpa sine. I det siste har han galoppert veldig mykje. Han har vore utelukka ein månad, det blei han fordi han slo i defileringa på Drammen. Dermed må me passa oss for dei andre hestane her. Etter utelukkelsen har han berre gått prøveløp, så han har ikkje starta løp sidan november, og då stod han med to diskvalifisert for galopp på rad. I 2009 vann han fire montéløp, i fjor hadde han to andreplassar som beste resultat. Hesten er god, men han må halda seg i trav for å få premie.

Eg ser fram til å prøva meg på autostart med kaldblods, det vert ei ny oppleving. Å prøva nye hestar set eg stor pris på. Det er god erfaring og god trening å ri fleire ulike hestar, og det er dei vanskelege hestane ein lærer mest av. Me får gjera vårt beste, prøva å ri feilfritt så får me sjå korleis det går.

Av konkurrentane er Umulius den som peikar seg ut som favoritt. Han har rada opp sigrar i monté, og har imponert meg fleire gonger. Dette løpet har dei sett ut for han og dermed skal han reknast i toppen. Malin Berås sit på ryggen, og ho kjenner han godt. J.H. Elden har fått Siv Emilie Løvvold tilbake på ryggen. Dei har gjort mange fine løp saman, og om Umulius skulle tulla seg bort trur eg han står klar til å overta. Danield har gjort fine løp for Kristine Kvasnes, men galopperer mykje. Han har gått bra etter galoppane i dei siste løpa, og kan henta premie sjølv med galopp. Utan galopp er han langt framme her. Dei øvrige konkurrentane kjenner eg ikkje noko særleg til. Sølvskars Lynet står med nokre plasseringar i monté, men eg trur ikkje han er betre enn dei tre eg allereie har nevnt. Portør Vinnto har galoppert mykje. Det har og Stranda Gutten gjort, han har heller ikkje starta monté sidan mars i fjor og får ny rytter her. Nøstemai har berre gått eit montéløp til 5. plass på 29,9. Det blir spennande å sjå korleis dette løpet vert, det kan bli mange galoppar.


Løp: 1 Montéløp (ca. kl. 13:50)
Montéløp
Kaldblods. 5-15-årige høyest 350.000 kr., åpent for alle montelisenser.
2140 m. Monté. Autostart. Maks 10 startende.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV Auto
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2140 1 Portør Vinnto Therese Nyhaven 192.300 1.29,4v 1.29,4a
2140 2 Sølvskars Lynet Caroline Roland 124.800 1.30,6v 1.29,5a
2140 3 Knardal Elden Charlotte Steine 302.496 1.26,4v 1.27,9a
2140 4 Umulius Malin Berås 185.000 1.29,1v 1.29,0a
2140 5 Danield Kristine Kvasnes 134.000 1.29,6v 1.29,8a
2140 6 Nøstemai Madelen Berås 272.000 1.28,3v 1.27,0a
2140 7 Stranda Gutten Lene Nilsen 331.700 1.27,7v 1.26,0a
2140 8 J.H. Elden Siv Emilie Løvvold 192.000 1.29,2v 1.29,2a

Knardal Elden, her saman med Andreas Tønnesen, foto: Øyvind Brusletten:


Kommentarer

Populære innlegg