C.C. Lina på Forus

På tysdag skal eg ut å testa C.C. Lina i eit løp med voltestart. Dei tre løpa eg har ridd ho tidlegare har vore autostart. Ho har starta eit montéløp etter eg rei ho sist, det var med Kari Anne Knutsen på ryggen på Sørlandet søndag som var. Då såg det ikkje ut som om det var trøkk i ho i heile tatt. Kari Anne sa at ho hadde vore litt slakk dagen etter, men at ho var seg sjølv igjen på tysdag. Me får håpa ho berre hadde ein dårleg dag. For vår del trur eg dette løpet vert for hardt, så me må vera nøgde med premie i dette laget.

Denne gongen trur eg ikkje me klarar ein trippelplassering, for det er nokre gode konkurrentar i mot. Det såg verre ut på innmeldingslista enn på startlista. Fyrst og fremst er det Kings Centaurus. Han står 20 meter bak oss, men gjekk 14,8 i sitt siste montéløp og imponerte då. Eg reknar med at han er vinnaren her og. Moreno har gjort gode løp. Sist vart han diska for galopp, men han passerte mål som andrehest bak Glide. Lise Hjetland har godt tak i hesten sin og kjemper i toppen her. Oakridge Starcraft er ein flott montéhest. Denne gongen sit Monica Refsland på ryggen hans, det er ein god hest som kan utfordra både Kings Centaurus og Moreno. Luigi er ein spennande hest her. Han gjek eit fint løp på ei lokalkjøring og vann der, no får han Kristine Kvasnes i salen. Ho er dyktig og klarar nok å halda han i trav, då dukkar han opp langt framme. K.L.M. Kilroy er ein fin hest, og Caroline L.B. Morken har ridd han to gongar tidlegare, sist var dei på trippelen. Caroline har rytterformen inne, så kanskje dei kan dukka opp på trippelen igjen.

Ziriumzam kjenner eg ikkje til i monté, dette er debutløpet hans. Han gjekk 19,5 i prøveløpet og har fordel av å stå på strek. Dersom han går endå fortare her og treff starten godt må dei som kjem bak gå fort for å henta han inn att. Alfa Omega er ein annan debutant, han gjekk prøveløp i desember 2009. Rytteren Anette Veggeberg rir og sitt fyrste løp her, så dei er nok ute etter ein premie i første omgang. Cosmo Ferrari debuterer og. Han gjekk eit ok prøveløp, men vert premiekandidat fyrste gong ut. Hangman har ikkje overbevist i monté endå, og kjemper i første omgang om premie.


Løp: 1 Montéløp (ca. kl. 18:10)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige, åpent for alle montelisenser.
2040 m. Monté. Tillegg 20 m ved vunnet 150.000 kr., 40 m ved 400.000 kr.
Premier: 12.000-6.000-4.000-3.000-2.000-(2.000) kr.
Varmblods Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Ziriumzam Malin Berås 144.000 1.15,8v 1.15,0a
2060 2 Alfa Omega Anette Veggeberg 154.500 1.16,9v 1.15,0a
2060 3 K.L.M. Kilroy Caroline L.B. Morken 300.500 1.16,9v 1.14,6a
2060 4 Hangman Siw Helen Bø 253.419 1.16,4v 1.14,8a
2060 5 Oakridge Starcraft Monica Refsland 229.000 1.16,1v 1.13,8a
2060 6 Luigi Kristine Kvasnes 376.000 1.16,4v 1.13,2a
2060 7 C.C. Lina Charlotte Steine 229.250 1.17,4v 1.14,8a
2060 8 Moreno Lise Hjetland 369.384 1.15,8v 1.14,0a
2060 9 Cosmo Ferrari Marielle Øvrebø 187.600 1.16,6v 1.14,8a
2080 10 Kings Centaurus Kari Anne Knutsen 533.893 1.15,7v 1.14,8a

Kommentarer

  1. Masse lykke til.

    Virker som det er mere montéløp på Forus nå enn tidligere? Positivt det.

    SvarSlett
  2. Det er fleire løp no ja. Det har vel vore to i månaden heile året.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg