Herlige Lillruben

På torsdag fekk eg prøva Lillruben. Han hadde aldri hatt sal på seg i banen, så krinsen rundt hesten var usikker på korleis det skulle gå. I varminga testa eg han litt. Eg tok ein prøvestart, og han var litt vanskeleg i volten. Så testa eg han litt på ein sving og ei langside. Han fungerte fint i 1.19-1.20-fart, og viste seg frå ei skikkeleg flott side. Dette er den mest ukompliserte og regulerbare hesten eg har ridd, sjølv om han var litt vanskeleg i volten. Lillruben gjorde akkurat som han fekk beskjed om, auka tempoet når eg ville det og sakka ned att når eg tok opp. Det var herleg å ri på ein slik hest.

I prøveløpet fekk me fyrst ein omstart, for han kasta seg rundt i volten og løyste skikkeleg slik at me vart litt tidleg ute. Då me fekk prøva på nytt gjekk det betre. Kristine Kvasnes rei Spenda D'Hilly, så me la oss i rygg på ho sidan me fekk ein litt dårlegare start. Farten var jamn og første 500 gjekk etter 1.22, og første 1000 meter etter 1.21. Han vart litt ivrig på siste bortre langsida, så eg tenkte han kunne få gå litt siste 500 meterane. Ned oppløpet fekk han gå på utsida av Spenda D'Hilly og dei spurta fint i 1.13-1.14-fart. Til slutt havna han på 1.19,7. Det virka som ein dyktig montéhest, så det skal verta spennande å sjå korleis han gjer det når han debuterer.

Etterpå var eg ute i eit dameløp. Der fekk eg kjøra endå ein herleg hest. Dobb Nalan var ein regulerbar, nesten litt lat, hest. Han fungerte fint i varminga og speeda fint då han fekk beskjed om det. Eg fekk beskjed om å kjøra til tet, og bli der. Dermed gjorde eg det. Han løyste fint, og opna på 1.09 ned startsida og byrjinga av fyrste svingen. Då var tetkampen avgjort. Første 500 meterane gjekk etter 1.14 og første 1000 meterane dempa eg til 1.17. På klokka mi køyrde eg i 1.21-1.22-fart etter startrushet. Han skrudde sjølv opp farten litt sisterunden, og gjekk fint. Ned oppløpet hadde han ikkje meir att, men halt farten fint. Han vart spurtslått av Goal Pointer og Noah Cæsar, men enda på ein fin 3.plass på 1.17,3. Så fort hadde han ikkje gått sidan oktober i fjor, så det var ein fin innsats. Til slutt eit bilete av meg og Lillruben, tatt av Karianne Lindin:

Kommentarer

Populære innlegg