Misfornøyd med meg sjølv

I går rei eg Augne Troll igjen på Forus. Denne gongen fekk eg ikkje varma han, for han skulle berre gå i skrittemaskina sidan han kan stressa litt. Dermed visste eg ikkje korleis han var før me kom ut i banen. Han var meir ivrig enn sist eg rei han, og han tok ein fin prøvestart. Sjekken var ikkje lik som i Bergen. Då eg rei han i Bergen hadde han veldig stram sjekk, men denne gongen hadde han eit anna bakstykke og den var lenger.

Me fekk ein god start, og var oppe som tredjehest med ein gong. Han trøbla litt med travet, men eg klarte å halda han nedpå, og kom fram i tredje innvendig. Der var han svært hissig og prøvde å springa over Danield som var framføre oss. Eg haldt det eg kunne i han, men kjente at det vart vanskeleg. 1100 meter frå mål gjekk eg ut i andrespor, i tredje utvendig. Framleis var han hissig, så eg følte eg måtte la han gå, dermed rei eg ut i tredjespor. Då kom han seg, og vart litt meir regulerbar. Ned siste bortre langsida gjekk han godt, men så byrja han å rykkja i hovudet. Der skulle han nok hatt støtte av den stramme sjekken. Han trøbla meir og meir, då angriparane kom bak i frå feila han. Dermed var løpet over for vår del. Eg fekk han ut av feltet og stoppa, men han vart diskvalifisert. Eg gjorde ingen forsøk på å prøva etterpå, for me hadde ikkje tatt dei igjen uansett.

Å galoppera med ein frisk hest, som har mykje å gå på er svært irriterande. Det fekk meg til å mista søvnen i natt, for eg berre tenkte på løpet. Av og til skal det visst ikkje gå min vei. Han er ein vanskeleg herre, og er nok avhengig av den stramme sjekken. Det er ikkje fyrste gong han har galoppert eller blitt diska i monté, men det er svært keisamt dei gongene det skjer når ein føler ein har alt igjen.

Kommentarer

Populære innlegg