Sterk 2. plass på 16,3

I går starta eg med C.C. Lina i eit sprintløp på Forus Travbane. Ho fungerte fint då eg byrja å varma ho, men då eg sette fart på ho inn på ein sving auka ho til 1.15-fart trøbla ho og galopperte. Etterpå fekk eg ikkje noko trøkk i ho. Dermed tok eg, etter diskusjon med Kari Anne, på bussar til løpet. Ho var ganske roleg før løpet gjekk. Då starten gjekk var ho tråkk, eg fekk ikkje fart på ho. Midt i den fyrste svingen såg eg at Caroline, som rei framføre meg, byrja å mista balansen. Eg drog Lina utover i banen. Då Caroline falt av klarte eg heldigvis å styra vekk frå ho. Heldigvis gjekk det ikkje verre med Caroline. Det var fælt å ri bak ho å sjå at det kom til å gå gale. Eg prøvde å roa ned Lina, men ho hissa seg opp og byrja å steila, dermed fann eg ut at det var best eg hoppa av til den lause hesten var fanga inn.

Lina var meir gira då den andre starten skulle gå. Eg fekk meir tak i ho, og ho løyste betre frå start denne gongen. Moreno kom raskt utanfrå, og me hadde ikkje sjanse til å svara han opp, men fekk ledarrygg. Då eg såg på klokka ned første langsida sto det 1.13, og me åpna første 500 meterane på 1.14,1. I den nest siste svingen drog eg proppane for at ho ikkje skulle verta lat, og det svarte ho fint på. Første 1000 meterane gjekk på 1.14,8. Moreno haldt tempoet oppe i front. Silverboy M.C. låg på utsida av oss. I siste svingen brukte eg sitsen min til å få fart på ho, og ho reagerte fint. På oppløpet såg eg at Manstrong kom ute i tredjespor, så eg var litt etter Lina inn på oppløpet. Ho svarte fint på det, og då eg krøyp saman på ryggen hennar gjorde ho jobben sjølv ned oppløpet og haldt flott inn til 2. plass på 1.16,3. Det er det raskaste ho har gått i monté, og tida gjekk inn på topp 10 av dei raskaste autotidene på sprint i landet i år! Eg synest ho gjorde ein veldig flott innsats.

Moreno og Lise Hjetland tok ein veldig flott siger. Dei haldt farten oppe heile vegen og vann på flotte 1.15,8. Lise rei veldig godt sitsmessig, og Moreno kjempa fint. Dermed hadde me ingen sjanse på å nærma oss dei til slutt.


Kommentarer

Populære innlegg