Delphis Lantern debuterer i Bergen

På torsdag skal eg ut med Delphis Lantern igjen. Han gjekk eit greit prøveløp for meg forrige tysdag. Då tok han lett teten og jogga avgarde med toppa øyrer. Prøveløpet gjekk han på 1.21,5, men han gjorde det på ein enkel måte så eg føler at han kan betre enn det. Med sulky har han gått 16,5M på volte, i mai i fjor. Det er ein veldig fin hest å ri, då han fekk på bussar framme vart han heilt stabil. Eg trur han likte å få gå med sal i banen. I Bergen får han 40 meter tillegg, så eg får gje han eit fint løp og så får me henga med så langt me kan. Det skal verta spennande å sjå om han synest det er kjekt når han får gå saman med andre hestar.

Av konkurrentane er nok Glide den verste. Han er ein utruleg dyktig montéhest som har vunne løpa i Bergen heilenkelt. Kristine er flink å ri og har godt tak på han. Eg vert ikkje overraska om dei tek nok ein siger saman. Ellers har Moreno vist at han stortrivs i monté når eigaren sit i salen. Ho rir svært godt og har eit skikkeleg tak i han, så han dukkar nok opp i toppen igjen. Manstrong går stadig fine montéløp. Han er vanskelegare på volte, og spesielt når han ledar volten, men Jeanett er oppassar på han og kjenner han frå trening. Sist han starta viste ho at ho klarte å ri han, så han kan vera på trippelen her og. Red Card overraska meg litt sist han gjekk monté, no har han bytta eigarar og har fått på ny rytter, men om han held same klasse som sist, kan han kjempa framme. Super Viktor er ein hest Lene Rotneim har godt tak på, ho har ridd han fint og dei er med langt framme kvar gong. Misty Valley N. er pappen sin, og Victoria skal ri ho. Ho viste at ho gjekk fint i monté i debuten sin, og står 20 meter framføre dei beste. Kanskje kan ho henga med til ein plassering langt framme. Harry Trotter S.E. er ein fin montéhest, Stine kjenner han godt. Han hadde gått eit fint hurtigarbeid i går, men han har vel for det meste berre fått premiar i montéløpa tidlegare. Goal Pointer er ein spennande debutant. Caroline kjenner hesten som ho eig sjølv, han skal i følgje ho vera med for å læra, men kjenner eg dei rett kan han dukka opp i toppen direkte. Giant Augustinu og Major Chip reknar eg med har nok med å kjempa om ein premie. Matador F.I. startar ikkje.

Eg ser fram til dette løpet. Dyresport.no sponsar løpet og leverer deltakarpremie til alle rytterane som startar.





Løp: 4 Montéløp (ca. kl. 19:15)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige, åpent for alle montelisenser.
2100 m. Monté. Tillegg 20 m ved vunnet 80.000 kr., 40 m ved 180.000 kr., 60 m ved 380.000 kr., 80 m ved 580.000 kr.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods Volte V5-3
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Major Chip Oda Mykkeltvedt 29.000 1.19,0v 1.18,7a
2120 2 Misty Valley N. Victoria Steine 161.000 1.16,4v 1.15,8a
2120 3 Giant Augustinu Lene Bjånes Indrevær 156.951 1.17,2v 1.15,2a
2120 4 Goal Pointer Caroline L.B. Morken 88.537 1.16,6v 1.16,6a
2120 5 Super Victor Lene Rotneim 145.850 1.16,8v 1.16,3a
2120 6 Red Card Solveig Maria Fosse 104.448 1.17,6v 1.16,6a
2140 7 Manstrong Jeanett D. Knappskog 378.000 1.15,9v 1.14,2a
2140 8 Harry Trotter S.E. Stine-Beate Hjartholm 287.919 1.17,1v 1.14,5a
2140 9 Glide Kristine Kvasnes 245.500 1.17,4v 1.16,5a
2140 10 Matador F.I. Renate Aarlie 222.541 1.16,2v 1.16,3a
2140 11 Delphis Lantern Charlotte Steine 214.265 1.16,5v 1.15,1a
2140 12 Moreno Lise Hjetland 369.384 1.15,8v 1.14,0a

Kommentarer

  1. Masse lykke til. Alltid veldig spennende og komme ut i løp med de hestene man har kvala inn. Den kbl jeg red på søndag kvala jeg inn på 38,4. Men gikk jo nesten 10 sekunder fortere i løpet og gikk 29,2.

    SvarSlett
  2. Oi, såpass ja. Veldig spennande å få ri dei ein har kvalifisert i løp ja. Skikkelig god erfaring, og stor fordel at ein har kjent på dei før da virkelig gjelde.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg