5. plass med Rigel Elden

På Sørlandet på søndag rei eg Rigel Elden. I varminga var han fyrst roleg, men vart hissig etterkvart. I prøvestarten gjekk han i 1.24-1.25-fart ei langside og ein sving, han humpa litt i travet, men galopperte ikkje. Då eg tok prøvestart med han følte eg at han drog hovudet langt ned og falt litt utav travet, så eg drog opp sjekken litt ekstra. Me fekk ein grei start, men hadde ikkje sjanse om å følga med Atom Lynet. Dermed enda me sist i feltet.

Då me kom ut på den fyrste langsida klarte han ikkje heilt å henga med, og Spang Balder gjekk inn i luka framføre oss slik at me mista farten. Eg måtte vekkja liv i han, og drog proppane ein runde frå mål og gjekk ut i andrespor. Ut på siste bortre langsida jobba me oss framover, men vart flytta ut i tredjespor. Han gjekk fint ned langsida og kom fram i dødens, men ein av hestane i fyrstespor gjekk ut framføre oss. Då vart han tråkk og eg sleit med å få fart i han. Inn på oppløpet kraup eg saman på ryggen hans, og fekk meir fart på han. Det var ikkje nok til å henta inn hesten framføre oss, men han haldt i alle fall femteplassen. Me kom i mål på 1.28,1 og eigaren fekk 2500 kroner for innsatsen.

Rigel Elden var ein spesiell hest å ri, og det var ei artig erfaring. Eg rei kanskje fram litt tidleg, men om eg ikkje hadde gått fram trur eg ikkje at eg hadde fått fart på han og då hadde me nok ikkje fått premie heller. Når eigaren er nøgd, så får eg vera nøgd og.

Foto: Julie Kjærmann Jensen

Kommentarer

Populære innlegg