Delphis Lantern godkjent

På tysdag rei eg eit prøveløp på Delphis Lantern. Då han kom ut av hengaren var det eit våkent blikk og øyrer som peikte rett framover som møtte meg. Det var ein stor og flott hest. I varminga vart han litt hissig til å byrja med, men eg fann meg ein rygg ein halv runde og då kom han seg. Eg hadde klokka på armen, og me varma i 1.30-1.40-fart. Eg testa han rundt ein sving, då trava han opp i mot 1.19, men galopperte. Eg lot han finna travet att, men eg følte han var for lett framme. Til prøveløpet sette me på eit par med bussar framme.

Me traff starten tilnærma perfekt, og tok teten i prøveløpet. Eg lot han åpna roleg, og rei 1.25,2 første 500 meterane, så auka eg farten etterkvart. Første 1000 meter til 1.23,0 og første 1450 meter til 22,2. Til slutt lot eg han strekkja litt på beina ned oppløpet, og det gjorde han fint. Han var pigg heile vegen, og det einaste eg gjorde var å smatta litt på han. Tida hans vart 1.21,5 og det gjorde han på ein fin måte. Sannsynlegvis kjem han ut i eit montéløp i Bergen neste torsdag.

Kommentarer

  1. Hørtes ut som en fin type.

    Er det TrotTracker klokka du rir med?

    SvarSlett
  2. Ja, da e da. Men eg brukte ikkje den i detta løpet, Stian hadde den når han kjørte sitt prøveløp nemlig. På Forus har dei passeringstider på tavlene etter 500, 1000 og 1450 meter :)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg