Rigel Elden på Sørlandet

På laurdag er det V75-kjøring på Sørlandets Travpark. Det fyrste løpet er eit montéløp for kaldblodshestar i høgt grunnlag. Eg har fått oppsitt på Rigel Elden av Kari Anne Knutsen. Ho har fire av hestane i det åtte hestar store feltet.

Rigel Elden står dårleg inne i løpet. Det er sprint, med tillegg på 850 000 kroner. Han har 863 000 i grunnlag. Eg har ikkje ridd han tidlegare, og eg har heller aldri ridd kaldblodshest i så høgt grunnlag, så det vert spennande. Rigel Elden har vore godkjent i monté sidan 2006, og har starta ein del montéløp etter det, så han er ein rutinert montéhest. Han har galoppert mykje i løp, men ikkje i monté. Tidlegare har han gått to sprintløp. I det eine gjekk han 1.25,7, det var i 2009. I fjor gjekk han eit sprintløp til på 1.29,3. Det er ein jamn og flink montéhest, som har vore i premiane i alle montéløpa utanom eitt. Han vann eit montéløp i november. Då var det Kari Anne som rei, på Forus. I sitt siste montéløp fekk han 3. plass, også det på Forus. Eg ser fram til å prøva han.

Av konkurrentane vert nok Atom Lynet favoritt. Han er Noregs kaldblodskonge i monté, og vil nok vera det etter dette løpet og. Me står på samme distanse som han, og kan med litt hell henga på han framover. Alm Tindar har vist seg å vera ein god montéhest, på tre startar har han ikkje vore utanfor trippelen og med Siv Emilie Løvvold i salen er han nok å sjå i toppen igjen. Gann Pål har ikkje starta montéløp sidan i juli i fjor, men han viste at formen var flott ved å vinna i går. Madelen Berås er oppassar på han, og ho er tilbake etter eit opphald på Paradise Hotel, så eg reknar med at konkurranselysten er på topp. Systera hennar, Malin, skal ri han i løpet. Spang Balder har få montéløp bak seg, men leverte eit fint løp på Sørlandet i går. Trø Lyn er ein jamn og flink hest, har fordel av berre 20 meter tillegg denne gongen og eg tippar at han har fordel av sprint. Rytteren har ridd han nokre løp, og byrjar å kjenna til hesten. Moe Argr har sannsynlegvis og fordel av sprint, men kan galoppera. Får ny rytter, som har fine resultat å visa til, her. Augne Troll går jamnleg fine montéløp, skal gå prøveløp på Forus i morgon og får dermed ein fin gjennomkjøring før løpet. Har ikkje trava fortare enn 28,2 i monté, så om Atom Lynet set opp farten som vanleg, kan han kanskje få litt problem med farten.

Det er eit fint montéløp, og eg ser verkeleg fram til å ri i eit eliteløp. Det vert ei ny oppleving for meg med berre rutinerte og flinke hestar. Eg håper me klarer å kjempa om ein fin premie, sjølv om me har tillegg.

Løp: 1 Montéløp (ca. kl. 13:50)
Montéløp
Kaldblods. 5-15-årige , åpent for alle montelisenser.
1640 m. Monté. Tillegg 20 m ved vunnet 850.000 kr.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1640 1 Moe Argr Martine O. Sørvik 740.000 1.24,4v 1.24,2a
1640 2 Gann Pål Malin Berås 783.674 1.25,0v 1.23,7a
1640 3 Alm Tindar Siv Emilie Løvvold 540.297 1.26,2v 1.24,2a
1640 4 Augne Troll Lene Vehusheia Rørvik 385.223 1.26,7v 1.27,9a
1640 5 Spang Balder Kari Anne Knutsen 680.200 1.24,9v 1.23,6a
1660 6 Trø Lyn Susanne Ohme 1.514.506 1.22,7v 1.22,6a
1660 7 Atom Lynet Line Gundersen 1.567.782 1.22,6v 1.22,1a
1660 8 Rigel Elden Charlotte Steine 863.000 1.23,6v 1.24,0a

Kommentarer

Populære innlegg