Gjesteoppsitt på Augne Troll

På laurdag er det V75-kjøring i Bergen. Eg var heldig og fekk tilbodet om å ri Augne Troll. Det er ein flink hest, som går gode montéløp så lenge han ikkje galopperer. Han har gått 28,9 i monté over 2040 meter på Forus. Det kan verta hardt å henta 40 meter tillegg på Danield om den held seg i trav, men i fyrste omgang må eg spela på lag med Augne Troll og prøva å halda han i trav. Det vert spennande å sjå korleis det går.

I feltet er det fleire fine montéhestar. Danield står framme og kan fort leda heile vegen om han held seg i trav. Kristine er god på å ri, no har ho hesten i trening, så ho kjenner han godt. Eg vert ikkje overraska om dette er vinnaren. Ellers gjer Gilborken alltid gode løp, det gjer Nøkle Pål og. Elve Prinsen er ein spennande debutant frå same distanse som Danield. Det vert eit spennande løp, men hestane er spreidd over mange distansar så det kan verta strekk i feltet. Eg gler meg til å ri i Bergen igjen, det er lenge sidan.

Løp: 1 Montéløp (ca. kl. 13:50)
Montéløp
Kaldblods. 5-15-årige , åpent for alle montelisenser.
2100 m. Monté. Tillegg 20 m ved vunnet 75.000 kr., 40 m ved 140.000 kr., 60 m ved 225.000 kr., 80 m ved 450.000 kr., 100 m ved 800.000 kr.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2120 1 Danield Kristine Kvasnes 128.000 1.30,2v 1.29,8a
2120 2 Elve Prinsen Victoria Steine 130.000 1.30,2v 1.27,9a
2140 3 Montoya Oda Mykkeltvedt 180.454 1.28,9v 1.29,5a
2160 4 Augne Troll Charlotte Steine 385.223 1.26,7v 1.27,9a
2160 5 Gil Rau Jo Evy Katrin Teigen 257.700 1.29,2v 1.28,2a
2180 6 Gilborken Iselin Teigen 638.000 1.25,5v 1.24,4a
2180 7 Nøkle Pål Renate Aarlie 551.700 1.26,3v 1.25,8a
2180 8 Espe Viktor Linda Thorsen 751.300 1.24,9v 1.25,5a
2200 9 Rubin Caroline L.B. Morken 851.308 1.25,5v 1.24,8a

Biletet er av Augne Troll frå lokalkjøringa på Forus.

Kommentarer

Populære innlegg