Endeleg løp att, sprint med C.C. Lina

Eg har ikkje ridd løp sidan 6. februar på Sørlandet, men no skal eg endeleg ut å ri igjen. Då eg sjekka løpa mine oppdaga eg at eg berre har fått ri for Kari Anne Knutsen dette året, og eg er svært takknemleg for alle sjansane eg får.

Denne gongen er det C.C. Lina som skal ut å konkurrera. Endeleg skal eg få prøva ho i eit sprintløp. Ho har berre starta over mellomdistanse i monté, men etter å ha ridd ho i to løp føler eg at ho er betre på sprint. Lina er svært rask frå start, og gjekk fort den første halvannan runden då eg rei ho fyrste gongen. Ho stumma litt til slutt, men stoppa ikkje. Eg trur at sprint passar betre for ho, i travløp har ho gått 14,8 på sprint med autostart. Det vert veldig spennande.

Feltet er bra, og det er mange gode konkurrentar. Eg har ridd tre av konkurrentane tidlegare. Best i feltet er vel kanskje Lantern. Denne gongen får han dyktige Kristine Kvasnes på ryggen, og då kan han fort vinna. Han har fordel av både sprint og autostart, og dette løpet passar nok utmerka for han, så lenge han held seg i trav. Manstrong er ein dugande montéhest, han har nok fordel av autostart, sidan han kan vera litt vanskeleg i volten. Rytteren hans skal ri sitt første løp, men han skal likevel kunne reknast i toppen. K.L.M. Kilroy har eg og ridd ein gong, og eg vil tru at han og har fordel av sprint. Kari Anne kjenner han godt, men dei kjemper nok i utgangspunktet om ein premie her. Silverboy M.C. har eg ridd eit hurtigarbeid på ein gong, han er ein veldig flott montéhest. Om han held seg i trav kan han kjempa i toppen her.

Luigi har vist på ei lokalkøyring at han er god i monté. Marie Øvestad er tilbake frå USA-opphald og er nok sugen på å gjera det godt, og har ein fin sjanse til å kjempa i toppen her. Moreno leverte ein flott innsats på Sørlandet sist, og rytteren har vist at ho har godt tak på han. Kan speeda forbi mange til slutt. Hangman er ein spennande montédebutant. Bak seg har han eit prøveløp på 20,9. Han har bytta eigar og rytter, men er ein brukande hest, så eg trur han kan gjera det godt i monté. Til slutt er det svenske Knödden Aubiose som eg ikkje kjenner til, men han har gått mange montéløp i Sverige og i følge resultatlista har han gjort det bra. På nettet fann eg eit bilete av han, og han ser ut til å vera ein stor og flott montéhest. Eg er veldig spent på å sjå denne i aksjon.

Det er eit kvalitetsmessig godt felt synest eg, og vinnaren peikar seg ikkje klart ut på førehand. Eg ser verkeleg fram til å endeleg få ri løp igjen.


Løp: 3 Montéløp (ca. kl. 18:55)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige høyest 500.000 kr., åpent for alle montelisenser.
1600 m. Monté. Autostart.
Premier: 16.000-8.000-5.000-3.500-2.500-(2.000) kr.
Varmblods Auto V5-2
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1600 1 C.C. Lina Charlotte Steine 218.750 1.17,4v 1.14,8a
1600 2 Hangman Siw Helen Bø 250.919 1.16,4v 1.14,8a
1600 3 K.L.M. Kilroy Kari Anne Knutsen 300.500 1.16,9v 1.14,6a
1600 4 Knödden Aubiose Caroline L.B. Morken 339.137 1.15,0v 1.12,9a
1600 5 Moreno Lise Hjetland 353.384 1.15,8v 1.14,0a
1600 6 Luigi Marie Øvestad 356.000 1.16,4v 1.13,2a
1600 7 Lantern Kristine Kvasnes 370.100 1.15,8v 1.13,4a
1600 8 Manstrong Jeanett D. Knappskog 373.000 1.15,9v 1.14,2a
1600 9 Silverboy M.C. Eva Hellem 469.500 1.16,7v 1.13,6a

Kommentarer

Populære innlegg