Fornya tillit på Augne Troll

Eg fekk tilbodet om eg ville ri Augne Troll igjen på Forus på tysdag. Monica Refsland, som pleier å ri han, skulle ri Tøffe Toft. Augne Troll er ein flink, men vanskeleg hest. Han hadde mange rare fakter, men eg vil tru det er ein fordel at eg har ridd han ein gong. I Bergen gjekk han godt for meg, men han vart trøytt til slutt. Før det løpet hadde han ikkje gått eit skikkeleg løp sidan 1. februar, så eg vil tru at han er betre budd til dette løpet sidan han har fått ei gjennomkøyring. Galoppfaren er stor, han har galoppert mykje tidlegare, og me har 20 meter tillegg. Motstanden er hard, så me får i fyrste omgang vera ute etter ein premie i dette selskapet.

Danield gjorde eit heftig løp i Bergen. Fyrst galopperte han to gongar og tapte mykje, tok att feltet og kom fram i dødens, men galopperte endå ein gong. Han ser vanskeleg ut, men om han skulle finna på å trava heile vegen vert han vanskeleg å nå igjen frå strek. Saman med han står Umulius som er ein dyktig montéhest. Malin rir han fast, og dei har vunne mange løp saman. Han kan fort leda heile vegen her. Tøffe Toft debuterte i Rappfots Æresløp og leverte ein flott innsats der, han overbevite ikkje like mykje i den andre starten. Her får han ny rytter, men han vann rikstotoløp i sin siste start, så formen er nok på topp. Havtroll leverte eit fint montéløp for Madelen sist han starta, og kan få eit fint løp her. Rubin imponerte meg då han vann i Bergen sist, tidlegare har han ikkje vist noko særleg i monté. Han må halda seg på beina, men står berre 40 meter bak her mot 80 meter bak i Bergen. Caroline viste at ho hadde godt tak på han. Moe Granar har bytta beite og vert spennande å sjå. Han får Lise Hjetland på ryggen. Ho rir svært godt sitsmessig, og kan nok få fart på denne og. Rigel Tessa, Rigel Elden, Taletta og Spyden er alle flinke montéhestar som kan dukka opp langt framme om dei får riktige løp.




Løp: 3 Montéløp (ca. kl. 18:55)
Montéløp
Kaldblods. 5-15-årige , åpent for alle montelisenser.
2040 m. Monté. Tillegg 20 m ved vunnet 200.000 kr., 40 m ved 500.000 kr.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV Volte V5-2
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Danield Kristine Kvasnes 128.000 1.30,2v 1.29,8a
2040 2 Umulius Malin Berås 157.000 1.29,1v 1.29,0a
2060 3 Tøffe Toft Monica Refsland 434.450 1.27,0v 1.26,8a
2060 4 Havtroll Madelen Berås 352.400 1.26,6v 1.28,5a
2060 5 Augne Troll Charlotte Steine 389.223 1.26,7v 1.27,9a
2060 6 Rigel Tessa Lene Bjånes Indrevær 238.425 1.28,3v 1.27,4a
2080 7 Rubin Caroline L.B. Morken 865.308 1.25,5v 1.24,8a
2080 8 Moe Granar Lise Hjetland 995.700 1.22,9v 1.23,1a
2080 9 Rigel Elden Kari Anne Knutsen 865.500 1.23,6v 1.24,0a
2080 10 Taletta Ronja Good Djøseland 587.000 1.26,4v 1.24,4a
2080 11 Spyden Anne-Marie Mattingsdal 654.500 1.24,9v 1.26,3a

Kommentarer

Legg inn en kommentar

Populære innlegg