Feilfritt og 3.plass

På laurdag var eg tilbake på min heimebane i Bergen, men med Rogalandshesten Augne Troll. Før eg skulle ut i banen for å varma var han litt gira og byrja med både tripping og nesten-steiling, men då me kom ut i banen var han roleg. Eg varma nokre rundar roleg, så prøvde eg han ein sving, men då galopperte han. Då var han vrien å få nedpå att. Balansen var ikkje optimal, og det viste seg å stemma sidan trenaren kom ned etter varminga og sa at bussane skulle vera på framme og ikkje bak.

Me trefte starten fint, men han var litt usikker så eg lot han berre gå seg til. Inn på første svingen tok han tak i det skikkeleg og la seg til. Me låg på utsida av Gil Rau Jo, 30 meter bak leiande Danield og Elve Prinsen. Midt i første svingen galopperte først Danield, og så Elve Prinsen. Dermed var eg i dødens. Ut på første langsida pressa me oss til tet. Då galopperte og Gil Rau Jo, så me vart åleine framme med fleire lengder til resten. Første 500 gjekk etter 1.29. Han gjekk fint i tet, men vart litt daff sidan han gjekk åleine og det var langt til konkurrentane. Første 1000 gjekk i følgje kommentatoren etter 1.27, men eg følte ikkje at det gjekk så fort. Ut på siste bortre langsida trøbla han litt med travet, så eg haldt det eg kunne i han. Eg høyrte at Nøkle Pål nærma seg, men så galopperte han og. Gilborken kom opp på sida av oss, men han var litt ute av travet. Eg drog skylappane på siste bortre langsida, men fekk ingen respons.

Inn på den siste svingen vart det trongt for han. Gilborken pressa innover i banen mot oss, det tok farten av Augne Troll. Eg drog hetta midt i siste svingen, men klarte ikkje å få farten opp att. Han vart nok trøytt til slutt, og bakfrå kom Rubin med ein saftig sluttspurt og passerte oss. Dei andre hadde ikkje meir å setja inn, så han haldt stand til 3.plass på 1.30,4. Eg synest han gjorde eit godkjent løp. Etter løpet sa trenaren at det var lenge sidan han hadde gått eit skikkeleg løp, og at han var nøgd med innsatsen. Då må eg og vera nøgd. Me klarte oss utan galopp og det var eg veldig nøgd med. Han tok nokre tak innimellom, og eg klarte å redda han då Gilborken kom fram. Det var ein artig hest å ri, han hadde nokre fakter som eg ikkje har vore borti tidlegare.


Foto: Eirik Blindheim

Kommentarer

  1. Gratulerer igjen med 3.plassen. Flott bilde av dere.

    Er jo en veldig kapabel hest det der. Men er ikke alle som har klart og holde han på beina. Er det som er så morro med og ri litt forskjellige kbl. Er mye og lære ved og ri dem, de krever så mye mere av oss som ryttere.

    SvarSlett
  2. Ja, han va ein meget spesiell herre. Veldig artig å få ri han. Fekk tilbud om å ri han igjen på Forus neste veke og, så det er vel eit teikn på et kretsen rundt hesten er nøgd. Kaldblodshestar er veldig god trening, for svært mange av dei er vanskelegare å ri. Eg set stor pris på alle hestane eg får prøva, det er veldig lærerikt.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg