Zenitzia i Rekruttserien

På tysdag er det eit løp til i Rekruttserien på Forus. Denne gongen skal eg få køyra hesten til Anette Selliken. Zenitzia er 7 år gammal og har tjent nesten 120.000 kroner. Det er sprintløp med autostart denne gongen, og ifølgje Anette er ikkje det noko fordel. Zenitzia har berre starta to sprintløp med vogn i karrieren, det enda i ein uplassert på 16,4 og ein fjerdeplass på 16,7. Dei to montéløpa ho har gått på sprint har ho trava 16,6 og 17,1, noko som resulterte i ein fjerdeplass og ein femteplass. Ho har ikkje starta løp sidan februar. Frå spor 6 bak bilen må me prøva å finna ein fin posisjon og smyga med, så får me sjå kor langt det rekk.

Motstanden:
1. J.C. Frances: Gjekk 14,3 i sin nest siste start, gjer han det her så kan han kjempa om ein trippelplass.
2. Queen Of Hill: Har gått fire løp på rad utan å få premie, men fekk 4. plass i dei to sprintløpa før det. Gjekk nokre gode løp i mars, men kanskje ikkje formen er like god no.
3. Liberty Chances: Fekk premie sist Camilla kjørte hesten, er nok på jakt etter ein ny premie.
4. Intact O.: Har vore flink. Vann i sin tredje siste start, og fekk 2. plass i V75-løp gongen etter, men enda uplassert sist. Har vore på trippelen i 8 av 14 løp, har ein flink kusk og kan kjempa om ein trippelplass igjen.
5. Invictus: Er ein god hest som har gjort gode løp og tapt berre for Pasha i sine siste startar. Skal vinna dette.
7. Precious Boy: Vann løp i februar, men har berre plukka med seg nokre premiar etter det. Møter nok litt lettare motstand enn vanleg og står perfekt inne grunnlagsmessig. Kanskje han kan få den siste trippelplassen med litt klaff?
8. Lucky Hillman: Har galoppert mykje i det siste og har ikkje dei heilt store resultata å visa til. Premiekandidat.
9. Cryptonite: Er ein jamn og flink hest. Kusken tek turen frå Østlandet og gjer nok ikkje det utan grunn. Dessutan plar ho vinna ein del løp med hestar som ikkje er så mykje betrudde. Kan vera ein outsider her frå eit fint spor, mulig trippelkandidat.
10. Picazzo: Såg veldig fin ut då han vann løp på lokalkjøringa, men har galoppert veldig mykje i travløp.

Startliste:
Løp: 1    (ca. kl. 18:00)
Varmblods. 3-12-årige høyest 150.000 kr.
1600 m. Autostart.
Premier: 15.000-7.500-5.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods      Auto
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1600 1 J.C. Frances Eirin Bjerland Vinvand 96.500 1.17,7v 1.14,3a
1600 2 Queen Of Hill Lars Kristian Løkken 113.000 1.17,4v 1.15,4a
1600 3 Liberty Chances Camilla Sund 82.500 1.16,2v 1.15,8a
1600 4 Intact O. Mats Gunnar Ringberg 116.500 1.15,7v 1.16,8a
1600 5 Invictus Jeppe Rask 119.983 1.18,2v 1.15,3a
1600 6 Zenitzia Charlotte Steine 117.500 1.17,5v 1.16,4a
1600 7 Precious Boy Siw Helen Bø 148.927 1.17,0v 1.15,5a
1600 8 Lucky Hillman Joakim Rasmussen 138.500 1.16,9v 1.15,2a
1600 9 Cryptonite Anette Frønes 110.500 1.15,9v 1.15,0a
1600 10 Picazzo Morten Erga 80.640 1.17,4v 1.15,8a

Dette biletet tok eg av Zenitzia då ho starta monté på ei lokalkjøring:

Kommentarer

Populære innlegg