Første uplasserte med Pay Back
Denne dagen har nærma seg løp for løp. Pay Back har alltid gått gode løp for meg, og fått premie sjølv med galopp. På torsdag røyk den flotte rekkja vår. Pay Back vart varma i sulky, så eg fekk ikkje kjenna på han før i prøvestarten. Eg synest han var fin, men veldig rolig. Då eg rei opp bak bilen var han ikkje like på hogget som han plar vera. Då bilen sleppte feltet løyste han godt. Eg såg at Naomi Dryad løyste godt på utsida, så inn på fyrste svingen tok eg litt opp for å sleppa ho ned framføre oss. Utanfor der kom Mack Attack S.E. flygande til tet. Naomi Dryad fungerte ikkje heilt fint i travet, og Pay Back vart veldig pigg, så eg var litt usikker på om me skulle koma oss gjennom fyrste svingen. Då Naomi Dryad galopperte vart det veldig trongt for oss, men han var flink og haldt seg i trav.
Fyrste 500 meter vart passert på 1.12. Då var me kome fram i ledarryggen. Pay Back kjendes kjempefin ut heile vegen. Han kan av og til detta litt innover på svingen, så eg prøver å ri litt ut så han ikkje skal koma for langt inn. Men denne gongen feilvurderte eg. Fyrste halvdel av siste svingen gjekk fint, men midt i svingen datt han endå meir innover og krasja med ein av dei kvite stolpane som markerer banegrensa. Det gjekk som det måtte gå og han galopperte. Eg fekk han nedpå etter ei stund og han fullførte flott til mål. Galoppen var dessverre for lang, hadde eg fått han nedpå litt tidligare så hadde me faktisk fått premie med galopp igjen. Det var utruleg surt at dette skjedde, for eg følte eg hadde masse krefter igjen, og eg fekk ikkje testa draskylappane som han tente godt på sist. Me hadde nok vore langt oppe på resultatlista utan denne hendinga.
Før dette løpet hadde eg 9 løp saman med Pay Back. Det har resultert i ein siger, to andreplassar, tre tredjeplassar og tre øvrige premiar. Så i det tiande løpet saman kom vår fyrste null.
Dette biletet tok Olav Lunde av oss:
Medan Marte Villanger tok desse:

Kommentarer
Legg inn en kommentar