Uplassert med Kings Photo

Eg køyrde Kings Photo i eit ungdomsløp i Bergen på torsdag. Eg var mest bekymra for volten, men etter å ha snakka med startarane (som ikkje kunne hjelpa meg) og Claus Olsen fekk eg så godt som kontroll på førehand. Det vart nokre avbrotne startar og omstartar, me eg gjorde det meste rett og fekk ein pangstart i det gyldige forsøket. Eg var på veg framover i stor fart, men det var mange ekvipasjar som ikkje hadde heilt oversikt og ein på innsida svinga utover, slik at eg måtte justera han for å unngå krasj. Hesten framføre oss galopperte, så då byrja han trøbla med travet. Han ville ikkje leggja seg skikkelig til før eg fekk sleppa han opp i ryggen på ein av konkurrentane som hadde galoppert. Han var veldig hissig, så eg fann ut eg skulle køyra på opphenting. Han tok att feltet og gjekk ein flott siste 1500 meter, men det var dessverre ikkje nok til å få premie. Eg trudde det var ni premiar, men det var berre sju. Han trava 19,6 med den store galoppen.

Dette biletet tok Olav Lunde av oss:

Kommentarer

Populære innlegg