Siste løp med Eld Pål

På tysdag skal eg ut i montéløp igjen. Denne gongen skal eg ri Eld Pål, og det vert vårt siste løp saman. Han er solgt og skal sannsynlegvis reisa til Finland og halda fram sin karriere der. Han virkar veldig fin i trening, mjuk og rolig. Så eg håpar sjølvsagt at han kan vera i toppslag til dette løpet. Sist han starta monté var han ikkje i orden, så han vart behandla. Han var fin i travet i sitt siste løp, eit sulkyløp, og fungerte fint då. Eg håpar han har gått endå meir fram med det løpet i kroppen. Om han er i orden så håpar eg me kan henga med heile vegen og forhåpentlegvis få med oss ein premie.

Motstanden:
1. Branddon: Har vore diska i begge sine to montéløp. Må nok gå feilfritt for å få premie.
3. Ingerøvin: Leverte ein ok innsats sist eg rei han, men hadde ikkje heilt gnisten til slutt. Han må nok vera betre her for å få ein ny premie.
4. Ness Tjo Alma: Leverte eit sterkt prøveløp på 29,2 og Lise berre haldt på ho då. Har 20 meter forsprang på Knell. Går nok mykje fortare enn prøveløpet, og kan kjempa om sigeren.
5. Komnes Judo: Vart diska for galopp i sin montédebut i oktober i fjor, har gått veldig mange fine sulkyløp den siste tida. Om han er like god under sal som han har vore i sulky kan han vera med i toppen.
6. Moe Granar: Har ikkje gått monté sidan mai i fjor, men då fekk han 4. plass. I montèløpa før det har han galoppert seg bort. Har gått sterke tider i sulky i det siste, så eg ser ikkje bort i frå at han kan dukka opp på trippelen om han går feilfritt.
7. Rigel Elden: Går jamnt gode løp i monté. Kjemper om ein trippelplass her.
8. Knell: Er sannsynlegvis den beste hesten i feltet, og han har god sjanse til å vinna.

Startliste:

Løp: 7  #MONTÉLØP #  (ca. kl. 20:43)
MONTÉLØP
Kaldblods. 5-15-årige.
2040 m. Monté Tillegg 20 m. ved vunnet 350.000 kr., 40 m. ved 700.000 kr. Maks 7 startende pr distanse.
Premier: 15.000-7.500-5.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV      Volte V5-4     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Branddon Kari Anne Knutsen 337.603 1.27,1v 1.26,0a
2060 2 Eld Pål Charlotte Steine 597.384 1.26,2v 1.25,1a
2060 3 Ingerøvin Brit Lea 482.500 1.26,7v 1.25,1a
2060 4 Ness Tjo Alma Lise Hjetland 648.500 1.24,1v 1.24,8a
2060 5 Komnes Judo Ronja Good 601.725 1.24,2v 1.24,9a
2080 6 Moe Granar Lena Høiland 1.207.200 1.22,9v 1.22,4a
2080 7 Rigel Elden Katrine Olsen Wågenes 965.000 1.23,6v 1.24,0a
2080 8 Knell Kristine Kvasnes 963.551 1.23,5v 1.24,1a


Eit bilete Eirik Blindheim tok av oss i Bergen:

Kommentarer

Populære innlegg