Diska igjen

Forrige tysdag rei eg Eld Pål i eit kaldblodsløp på Forus. Han vart varma i vogn og såg fin ut då. Me fekk ein flott start og kom fram som tredjehest på innersporet. Første 500 meter gjekk ganske seint, og då fungerte han greit. Men 1100 meter frå mål galopperte hesten foran oss, så det vart litt kluss. Etter det skrudde resten av feltet opp farten og det vart nok feil for Eld Pål. Han vil så mykje meir enn kroppen hans klarar, så det enda til slutt med at han forsvarte seg med galopp. Dermed vart han diska for galopp igjen. Han er solgt og skal reisa til ei jente i Finland.

Dette biletet tok Rune Eikeland av oss:


Kommentarer

Populære innlegg