Stilreint og elegant med Sofia

Fredag 7. juni arrangerte Forus Travbanes montégruppe sitskurs med Sofia Aronsson. Sofia var utruleg dyktig og hadde stålkontroll på alt ho snakka om. Me starta kurset med å sjå eit par norske løp, der fleire av kursdeltakarane var med. Sofia meinte at sitsen ikkje såg så verst ut, men det var litt å henta mot ein fransk montésits. Deretter fekk me sjå nokre franske løp. Utstyrsendringane gjer at sporten ikkje er lik i Frankrike og Norge. Det vert vanskelegare for rytterar å ri godt til slutt i Noreg, sidan dei ikkje har pisk, ifølgje Sofia. For det er mykje lettare å halda sitsen når hesten går i bittet.

Rytterutstyr

Sofia var veldig oppteken av at utstyret skulle vera i orden, at det skulle vera tilpassa og forsvarleg. For å byrja med rytterutstyret så sa ho at kva sko/støvlar du rei med ikkje var så viktig, det viktigaste var at du ikkje hang fast i stigbøylane i tilfelle du skulle falla av. Dette krasjar litt med dei montéreglane me har no. Her er det påbode å ha ein stigbøyle tilpassa foten, slik at du ikkje kan skli gjennom. Ifølgje Sofia er det mykje farlegare å henga fast, for om du fell av så dett du ikkje framover slik at foten sklir gjennom. 

Ein annan ting ho meinte var at å ri med dei vanlege travhjelmane, som er populære her i Noreg, er livsfarleg. Dei er altfor tunge, og det kan få katastrofale følgjer om du skulle falla av. I tillegg var det veldig mange som hadde problem med å sjå framover fordi hjelmen var for stor. Ho anbefalte jockeyhjelmar. Når du skal kjøpa ny hjelm skal du trykkja den på hovudet, og den skal vera så trang at du kan snu hovudet opp ned og den skal framleis henga. Så stram at du nesten får hovudverk av å ha den på, fordi den utvidar seg. Ho nevnte noko om at hjelmen kunne vera med eller utan nakkestøtte, men eg klarar ikkje hugsa kva ho anbefalte, så kanskje nokon andre kan hjelpa meg å koma på det?

Hesteutstyr

Av tøylar anbefalte Sofia doble bomullstøylar. Desse skulle du halda eit vanleg tak på, men samstundes skulle du laga ei bru frå den eine handa og over i den andre. Sjå biletet under. Denne brua skulle brukast til å pressa ned og halda mot dersom hesten er ustabil i travet, i ferd med å galoppera eller for å stoppa ein som galopperer.


Sofia var ikkje så opphengt i kva type sal eller kor tung salen er. Ho meinte det var viktigare at spennene på gjorden var tilpassa reimane på salen, slik at rytteren kan stramma gjorden frå hesteryggen åleine. Då må det gli perfekt. Den franske typen drasjekk hadde same prinsippet. Reima måtte passa perfekt inn i spenna slik at det er lett å hekta den utav eit hol, dra eller slakka og få den inn i neste hol.


Salunderlaget var noko Sofia meinte var viktig. Ho fortalte at alle i Frankrike no rir med ekstra salunderlag. På biletet under viser saueskinnspaden som ho anbefalte. I denne har du sjansen til å legga inn ekstra fyll framme på sjabraken. Dette var for å laga salen til ein stødig plattform for rytteren sitt kne. Eg har leita i fleire butikkar etter ein sånn, og trur eg har funne ein hjå dyresport.no, så den skal eg bestilla og testa. Eg har øvd litt etter kurset, og har merka at det vert veldig mykje trykk på kneet og salen der kneet ligg, så eg trur at den sjabraken kjem veldig til sin rett når du rir sånn som ho anbefalte.



Sits

Om sitsen lærte me at montè i Frankrike er ein estetisk sport som skal vera flott å sjå på. Rytterane skal vera elegante, ha rette vinklar, rett rygg og framstå presentabelt. Ho meinte at med ein gong ein rytter kom på ryggen til ein hest, så skal haldninga inntas. Litt satt på spissen meinte ho at me skal fram med puppane/brystet som ein glamourmodell, vera heilt rett i ryggen og ha hovudet heva. Ho teikna fire ulike teikningar, tre av dei ser du på bileta under, som viste ulike typar sits. Tre av sitsane var "godkjente" innanfor fransk sits. Den siste (nedste biletet) viser korleis veldig mange rir når dei vert trøytte, eller ikkje tenkjer over korleis dei ser ut.

Det viktigaste er at ryggen skal vera rett. Det skal gå ei linje mellom handa, albogen og kneet på rytteren. Alle vinklar skal vera rette og sjå fine ut. For å få ein slik sits er det viktig at rytteren klarar å "låsa" nedste del av foten. Det er ut frå knea du byggjer sitsen din. Knea skal knipa mot salen, ankelen skal vera rett og leggen skal ligga på same staden heile tida. Det er knea som styrer alt. Klarar du å låsa foten frå knea og ned, og halda denne delen heilt i ro, så ligg du godt an til å få ein fin fransk sits.

Armane skal vera om lag ein desimeter ned på hesten sin hals, og dei skal vera eit stykke framme på halsen. Armane og albogane skal/bør liggja inntil hesten, då får rytteren meir støtte og dei fungerer litt som støtte for hesten. Det er litt lettare å halda hesten rett om du kan bruka armane til å støtta opp.

Ho presiserte fleire gonger det viktigaste: Ned med armane, fram med armane, rett i ryggen, knip med knea, bak med rumpa, rett opp i ankelen, bak med beina. Klarar du halda styr på alt dette samstundes, er du på god veg.




Veldig mange rytterar vert sitjande slik når dei er trøytte. Mange vil og sjå slik ut når dei prøver å stoppa ein hest frå galopp.

Gjennomgang i stallen

Før me byrja ri hadde me ein gjennomgang i stallen.

Sofia viser korleis sjabraken og salen vert støtteplattform for kneet.


Malin testar doble tøylar. Sofia demonstrerer ein hest som "pullar" (er stri og går i tøylane), og Malin skal kjempa mot ved å låsa knea inntil salen og berre dra rett bakover. Dette er den rette måten for å få stoppa ein galopperande hest.

Me lærte korleis me skal hoppa opp på hesten. Fyrst skal du surra manen rundt handa. Den andre handa skal festast under salen, så hoppar du alt du kan oppover. Deretter skal du ta ein armheving og strekkja deg opp over hesten og slengja foten over salen. Vips så er du oppe. Her får Henriette litt hjelp av Sofia til å koma opp.


Veldig mange salar opp hestane feil, ifølgje Sofia. Her salar ho av ein av hestane for å leggja salen lenger fram. Etter ho var ferdig så låg salen framme på manken, heilt fram på skuldera. Gjorden skal så vidt vera bakom foten/albogen på hesten når salen ligg riktig. Dette gjorde ho for å få støtte til knea, og fordi salen alltid sklir bakover når du byrjar gå. Viss du legg salen der han skal liggja, så vil han skli lenger bakover når hesten byrjar gå.

Slik måtte alle som skulle ri øva. Opp i sits i salen, og så vart stigbøylane fjerna. Rytteren må halda seg oppe ved å knipa med knea. Her står eg på Pay Back og knip alt eg kan. Slik kan du øva heime, dersom du ikkje har mogelegheit til å ri. Då kan du stå slik i til dømes eit minutt, ein fin måte å øva. Det einaste du treng er ein hest som kan ha salen på nokre minutt på stallgangen.

Her testar eg å halda att ein hest som dreg i tøylane berre ved å bruka knea til å pressa med og flytta kroppen bakover.

Test i banen

Me var ni stykker som rei i banen. Sofia og alle dei andre deltakarane som ikkje rei, følgde med i startbilen. Sofia fortalde kva som skulle rettast undervegs. Det var veldig stas å sjå korleis dei små endringane gjorde store utslag.

På biletet under er det Lise som får instruksjonar.

Sofia ville ha med fotograf, så Rune Eikeland tok bilete av alle ekvipasjane slik at deltakarane etterpå fekk studera kva som var rett og gale.

Lagbilete

Me måtte foreviga alle som var med på kurset, så her er den positive gjengen som har fått masse teoretisk og praktisk påfyll. Kristine og Ronja var så svoltne at dei lurte seg vekk.

Oppsummering

Dette var eit heilt fantastisk kurs. Eg har alltid trudd at om du rir med knea inntil hesten, så vil det hindra hesten i å gå i sine naturlege rørsler. Slik er det altså ikkje. Så for meg var det ekstremt tungt og krevjande. Eg må tenkja på ein heilt ny måte. Eg merkar godt korleis dei små endringane utgjer store forskjellar. No er det berre å øva, og øva og øva slik at sitsen blir stabilt god og eg kan ri endå betre løp. Eg ser fram til den dagen eg klarar halda sitsen i heile varminga og heile løpa. Då vil forhåpentlegvis dei gode resultata følgja med automatisk.

Eg vil leggja ut eitt eige blogginnlegg der eg går gjennom bileta av meg undervegs på kurset, der eg vil skriva kva som er rett og feil på bileta.

Kommentarer

  1. Endelig en blogg etter Sofia kurs. Mye nyttige tips og få med seg.

    Jeg har alltid ridd med knærne inntill hesten(derfor alle gnagsår på knærne også). Og klarer ikke og ri med knærne ut fra hesten.

    Hva mente hun om lengden på bøylene?

    SvarSlett
  2. Det var ikkje så viktig eigentleg. Veldig mange av deltakarane måtte justera stigbøylane inn 3-5 hakk, men eg fekk ikkje tilbakemelding om å justera mine. Det viktigaste er at beina ligg støtt, og at du klarar stå stødig. Ho sa at ofte var det lettare med korte stigbøylar, fordi du då får støtte til heile foten. Eg trur sjølv eg kan ta inn mine stigbøylar 2-4 hakk etter kvart, men ho sa det var viktigare å finna balansen og verta sterk nok fyrst.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg