Pay Back Money på Forus

Denne helga har Forus si storløpshelg. Eg fekk ikkje oppsitt i løpet i dag, men eg skal ut med kjekkasen Pay Back Money i eit løp på søndag. På førehand ynskja me oss eit ledande spor i volten, sidan han er vanskeleg å få rundt, men slik vart det ikkje. Me trekte det nesten umogelege fjerdesporet. Det vil seia at eg har ei svært krevjande og vanskeleg oppgåve foran meg. Mitt mål må rett og slett vera å prøva å få lura han ut frå start i rett gangart. Sjansen for at eg klarer det er svært liten. Men om eg skulle klara det, så har han eit greit løp på papiret grunnlagsmessig. Eg trur ikkje han er så mykje dårlegare enn konkurrentane dersom han går feilfritt. Formen verkar fin, så eg håpar på eit under.

Motstanden:
1. Emil Wibb: God montéhest og sterk rytter. Kan bryta ut på svingane på Forus, men er god nok til å kjempa om ein trippelplass.
2. Grandslam Volo: Såg dunderfin ut i montéprøveløpet og leverte ein flott innsats i sitt siste sulkyløp. Kristine har ikkje vunne montéløp på Forus i år, men kanskje hennar fyrste kan koma her?
3. Key To Cash: Har tre plassar blant dei fire på sine fem montéstartar. Vanskeleg å setja inn her, men eg mistenker at dei ikkje hadde tatt turen utan ambisjonar om ein fin plassering.
4. Precious Boy: Er ikkje så trygg under sal endå, men er nok forbetra med dei løpa han har fått. Avslutta flott for Siw Helen i sulkyløpet sist, så formen er nok fin. Kanskje han kan kjempa om ein trippelplass her.
5. Flo Skywalker: Urutinert rytter og hest som debuterer i monté. Gjekk berre 23,9 i prøveløpet. Premiekandidat.
6. Sharif Volcano: Gjekk prøveløp på 22,9 i 2008. Har ikkje starta travritt etter det. Står perfekt til grunnlagsmessig. Har berre gått eit løp i år, så han er nok forbetra med løp i kroppen. Vanskeleg å vurdera.
8. Out Of Cash: Gjekk prøveløp på 21,3. Debuterer i monté her. Vanskeleg å vita kva den er god for, men hadde nok ikkje tatt turen utan at ho har vist noko i trening.
9. Fast Brown Talk: Flink montéhest som plukkar med seg fine plasseringar i dei løpa han går feilfritt. Er god nok til å henta ein trippelplass her og.
10. Nighttrain Shadow: Imponerte i sitt sigersløp i Bergen sist. Får Siv Emilie på ryggen, og ho vinn nesten med alt ho tar i. Denne har ikkje vunne bakfrå i montéløp endå, men Siv Emilie er utrulig dyktig. Eg vert ikkje overraska om ho losar han fyrst i mål.

Startliste:
Løp: 2  #MONTÉLØP #  (ca. kl. 13:20)
MONTÉLØP
Varmblods. 4-12-årige høyest 250.000 kr.
2040 m. Monté Tillegg 20 m. ved vunnet 100.000 kr. Maks 7 startende pr distanse.
Premier: 20.000-10.000-7.000-5.000-3.000-(2.000) kr.
Varmblods      Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Emil Wibb Malin C. Stokke 80.500 1.17,2v 1.16,4a
2040 2 Grandslam Volo Kristine Kvasnes 70.500 1.17,7v 1.13,8a
2040 3 Key To Cash Elsie Hafskjold 86.225 1.16,9v 1.16,2a
2060 4 Precious Boy Siw Helen Bø 151.427 1.17,0v 1.15,5a
2060 5 Flo Skywalker Silje Revheim 132.466 1.16,6v 1.14,4a
2060 6 Sharif Volcano Lise Hjetland 241.750 1.16,6v 1.15,0a
2060 7 Pay Back Money Charlotte Steine 209.558 1.16,0v 1.14,6a
2060 8 Out of Cash Malene Berdalen 143.826 1.16,9v 1.15,3a
2060 9 Fast Brown Talk Elisabeth Storetvedt 183.000 1.16,7v 1.15,5a
2060 10 Nighttrain Shadow Siv Emilie Løvvold 106.865 1.17,1v 1.16,5a


Dette biletet tok Olav Lunde av oss sist eg rei Pay Back i Bergen.


Kommentarer

Populære innlegg