6. plass med Zenitzia

Førre tysdag køyrde eg Zenitzia i eit rekruttløp. Det var ei veldig rolig og fin hoppe, som var veldig regulerbar og fin. Ho var smidig i varminga og kjendes bra ut. På førehand såg det ut som det kunne verta vanskeleg å få eit fint opplegg, men eg håpa å koma inn i feltet ein plass. Frå spor seks bak bilen vart me hengande i tredjesporet. Eg fekk beskjed om at ho kunne vera litt vanskeleg rundt fyrste svingen, så då det vart feil og ekvipasjen fyrst i andresporet tok veldig opp, så lot eg ho gå framover i sitt eige tempo. Me havna dessverre i dødens. Der låg me i ein tilbaketrekt posisjon. Til slutt kom hestane bakfrå, som venta, og då hadde ikkje Zenitzia så mykje å stilla opp med. Ho haldt farten fint og fekk ein absolutt godkjent 6. plass etter ein løpspause.

Dette biletet tok Arnfinn Roaldsøy av oss i løpet:

Kommentarer

Populære innlegg